Gjøsund eit stort steg vidare

Pengedryss: Ordførar Harry Valderhaug takkar Harald Tom Nesvik for friske NTP-midlar. - Klikk for stort biletePengedryss: Ordførar Harry Valderhaug takkar Harald Tom Nesvik for friske NTP-midlar. Børge Sandnes/ Giske kommune

Smila var breie og stemninga på topp, då representanter fra regjerings- og samarbeidspartia vitja Giske kommune med 80 millionar friske kroner i kofferten til Gjøsund fiskerihamn.

GjøsundNTP-midlar: Parlamentarisk leiar frå Framstegspartiet Harald Tom Nesvik (midten) innleia pressekonferansen hos Optimar. Frå Venstre: Stortingsrepresentant Morten Stordalen (FrP), stortingsrepresentant Pål Farstad (V), Trude Fjærli Giskås (H), Knut Støbakk (KrF) og Ina Giske (FrP). - Klikk for stort bileteGjøsundNTP-midlar: Parlamentarisk leiar frå Framstegspartiet Harald Tom Nesvik (midten) innleia pressekonferansen hos Optimar. Frå Venstre: Stortingsrepresentant Morten Stordalen (FrP), stortingsrepresentant Pål Farstad (V), Trude Fjærli Giskås (H), Knut Støbakk (KrF) og Ina Giske (FrP). Børge Sandnes/ Giske kommune

Giske kommune har i ei lengre tid arbeid for å få på plass midlar i Nasjonal Transportplan (NTP), slik at ein kan kome i gang med mudring og utbedring av fiskerihamna i Giske. Målsetninga er at hamna skal få status som nasjonal fiskerihamn.

Framtidsretta

- Dette er ein glad dag for Giske kommune. No kan vi kome oss vidare i arbeidet med å utvikle Gjøsund til ei framtidsretta marin og maritim hamn, jublar rådmann Marit Elisabeth Larssen.

Framstegspartiet sin parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik slapp nyheita i ei av Giske kommune sine hjørnesteinsbedrifter Optimar, saman med representantar frå Høgre, KrF og Venstre.

Giske kommune kjem inn i andre halvdel av NTP-perioden med 80 million kroner til mudring og utbetring av hamna på Gjøsund i Nasjonal transportplan. Pengane skal kome i perioden 2023-2029.

Utålmodig

Saman med ei rekkje aktørar i næringa og politikarar, smilte Giske-ordførar Harry Valderhaug frå øyre til øyre.

- Eg opplev eit stort trykk frå aktørar som vil satse i Giske ved å etablere seg i kommunen, men då er det ein føresetnad at hamna er mudra. Ikkje minst er ei utbetring viktig for dei aktørane som allereie er etablert i område. No må vi fyrst og framst kome i posisjon med Kystverket, og starte arbeidet med prosjektet, og så vidare sjølve mudringa, fortel ordførar Valderhaug.

No vil både ordføraren og rådmannen sjå på mogelegheitene for å kome i gang tidligare enn kva NTP-planen legg opp til. I følgje rådmannen legg dette grunnlaget for å byggje opp spennande «cluster» for fiskeri i kommunen, og ho er utålmodig etter å kome seg vidare.

- Pengane ligg inne i perioden 2023 -29, med opning for å forskottere. Den opninga må kommune og næringsliv gripe, seier Larssen.

Vellukka samarbeid

Akkurat no skal både politikarar, administrasjon og næringsliv glede seg over eigen innsats.

- Kommune og næringsliv har arbeidd saman i lang tid for å kome hit. Det er god grunn til å gratulere kvarandre med eit vellukka samarbeid med ordførar Harry Valderhaug i spissen, avsluttar ein smørblid rådmann Marit Elisabeth Larssen.

Sist endra 21.03.2017 10:53
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering