Giske på 4. plass i kommune-NM

kommune-NM 2017 - Klikk for stort bilete

NHO set Giske på 4. plass blant dei 36 kommunane i fylket, etter Ålesund, Ulstein og Molde, i det årlege kommune-NM. Giske er dermed blant dei beste kommunane i Noreg som nr 52 av 426 kommunar totalt.  

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 14.08.2017

Eit samandrag av dei forskjellige målefaktorane viser slik fordeling:

KommuneNM 2017 - GISKE

rang M&R

rang Norge

Næringsliv og privatøkonomi

2

17

Arbeidsmarked

12

120

Demografi

 

2

36

Kompetanse

31

330

Komm.økonomi

 

4

50

SUM

 

4

52

 

Næringsliv og privatøkonomi:  Giske ligg nær toppen på rangeringslista med stor variasjon i næringslivsstrukturen og høg andel kommunale kjøp av private tenester.

Arbeidsmarked:  Giske har høg arbeidsdeltaking, lågt sjukefråver, liten del uføretrygda og stor pendling som er positivt for rangeringa.

Demografi: Giske si befolkning har låg gjennomsnittsalder og stor tilflytting, som set kommunen høgt på rangeringslista.

Kompetanse: Giske ligg nesten på botn med omsyn til formell kompetanse. Dette kan skuldast stor fiskerisektor (Giske er blant dei 5 største fiskerikommunane i Noreg) der mange tar arbeid i ung alder utan langvarig utdanning, men fiskerinæringa sitt aukande krav til fagbrev viser stadig høgare kompetansenivå også der.

Kommuneøkonomi:  Giske har låge adm.utgifter pr. innbyggar og ei ung befolkning som bidrar til god kommuneøkonomi slik dette er definert av NHO.

Sjå alle tala på https://www.nho.no/Politikk-og-analyse/Offentlig-sektor-og-naringslivet/kommunenm/

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering