Giske kommune har fått eige brukarutval

Roar Norrud Giske, Rune Ingebrigtsen, Torill Roald, Mary Ann Myrhol Sæth, Kåre Sæter (leiar), Olav Sindre Roald, Lene Bjørlo Overå, Bjørn Magne Nordahl (sekretær). - Klikk for stort bilete

Eit brukarutval på sju personar skal sikre god dialog og informasjonsflyt mellom brukarar, tilsette, administrasjon og politikarar.

 Kåre Sæter (Ap) skal leie det heilt nye brukarutvalet i Giske kommune, og nyleg kunne han konstituere dei sju medlemmane som utgjer utvalet som skal vere ein pådrivar for utviklinga av helse- og omsorgstenestene i kommunen.

- Eg har tru på at dette vil kunne vere eit viktig organ for medverknad til ei god utvikling av helse- og omsorgstenestane i Giske framover, innleia den nyvalde leiaren i utvalet sitt første møte 07.06.17.

Sæter, som sjølv er politikar og sit i komité for helse, sosial og omsorg (KHO) og i kommunestyret, har i utvalet med seg èin til representant frå KHO, fire brukar- og pårøranderepresentantar,  èin representant frå rådmannen sin stab, samt sekretær.

I retningslinene vert det mellom anna opplyst at brukarutvalet ikkje erstattar andre kommunale rådsorgan for tenesteområda. Saker som gjeld einskildbrukarar skal ikkje behandlast i dette utvalet.

I brukarutvalet kan viktige erfaringar og kompetanse frå brukarsida, ilag med kommunen sin fagkompetanse, kome med gode råd og innspel for ei god utvikling av tenestene og rett bruk av tilgjengelege ressursar.

Neste møte er sett til 30. august d.å.

Desse sit i utvalet, som skal ha om lag fire møter i året:                                                                             Roar Norrud Giske, Rune Ingebrigtsen, Torill Roald, Mary Ann Myrhol Sæth, Kåre Sæter (leiar), Olav Sindre Roald, Lene Bjørlo Overå, Bjørn Magne Nordahl (sekretær).

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 22.06.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering