Går bra med alle

Det er delar av mannskapet på MS Loran frå Godøya som har blitt smittta av Covid-19.

Klikk for stort bilete  

Staale Otto Dyb, reiar og skipper om bord seier at det er 18 personar med på turen til Grønland. Det står bra til med alle. Dyb bekreftar at 11 av dei om bord har hatt smitte, fem av desse har no avgitt negativ test.

«Vi har heile tida fått og følgt råd frå smittesporingsteamet i Giske kommune og sjømannslegen. Dei smitta har hatt milde symptom og vore sjuke berre ein dag eller to. Dei har hatt lite feber. Vi har nok rom og separate bad til bruk ved isolasjon av dei smitta. Ellers har vi vore godt rusta og har alt nødvendig utstyr om bord. Eg er glad vi har vore på kurs i testing, det kjem godt med no.», seier Dyb.

Sidan tidleg i haust har dei hatt rutine på å teste alle dei påtroppande. I tillegg brukar dei munnbind heile tida, alle tek temperaturmåling dagleg. Skipper og styrmann utfører testar jevnlig. Dersom nokon skulle bli sjuke er båten litt over eit døgn unna Reykjavik.
«Stuerten har det kanskje mest travelt som har roomservice på seks rom», seier skipperen.
Dei forventar å vere heime på Godøya i månadsskifte mai/juni.