Gange-Rolv, vikinghøvdingen frå Giske kommune

Gange-Rolv, vikinghøvdingen frå Giske kommune - Klikk for stort bilete Gange-Rolv (eller Hrólfr Rögnvaldsson (ca 860 – 932) som han heitte) var son av Ragnvald Mørejarl. Etter å ha vore i viking i Austerled, gjorde Gange-Rolv og mennene hans strandhogg i Viken (Oslo). Her herja dei så valdsamt at Harald Hårfagre lyste Gange-Rolv som fredlaus, og han måtte flykte frå landet. Ein antek at han rundt år 880 sigla frå området vårt, og via Island, Færøyane, Orknøyane, Hebridene og Isle of Man, hamna han til slutt i Normandie.

I 911 inngjekk han fredsavtale med kong Karl den Einfaldige. Gange-Rolv vart utropt til den første Hertug i Normandie og fekk namnet Robert. Men han vart mest kalla Rollon, ein fransk versjon av Rolv. Wilhelm Erobrar, 5. generasjon etter Rollon, vart engelsk Konge etter at han vant slaget ved Hastings i 1066. Det engelske kongehus kan derfor stamme frå Giske.

Publisert av Synnes Frode. Ansvarleg Synnes Frode. Sist endra 09.08.2017

Gange-Rolv (eller Hrólfr Rögnvaldsson (ca 860 – 932) som han heitte) var sonen av Ragnvald Mørejarl, truleg mest kjent som jarlen som klippa Harald Hårfagre etter at Noreg var samla til eitt rike. Etter å ha vore i viking i Austerled, gjorde Gange-Rolv og mennene hans strandhogg i Viken (Oslo). Her herja dei så valdsamt at Harald Hårfagre lyste Gange-Rolv som fredlaus, og han måtte flykte frå landet. Ein antek at han rundt år 880 sigla frå området vårt, og via Island, Færøyane, Orknøyane, Hebridene og Isle of Man, hamna han til slutt i Normandie.

Som ein sentral og viktig vikinghøvding i området, vart det inngått ein fredsavtale mellom franskekongen Karl den Einfaldige og Gange-Rolv, og han vart utropt til den første Hertug i Normandie i år 911 og fekk namnet Robert. Men det var Rollon, ein fransk versjon av Rolf, som vart mest brukt. Dette skjedde i Saint-Clair-sur-Epte, nokre mil sør-aust for Rouen.

Eit gamalt segn fortel at Gange-Rolv, då han møtte kong Karl i St. Claire ved elva Epte for å inngå denne avtalen, ikkje ville bøye seg og kysse kongen sin fot slik etiketten kravde. Ein av vikingane hans fekk dette oppdraget i staden, men også han likte dårlig å knele. Han tok difor tak i kongen sin fot og løfta den så høgt at kongen ramla.

Denne forteljinga om Gange-Rolv er ganske typisk for dei historiene som ettertida fortalde om han. Rundt ei kjerne av sanning – her møtet i St. Claire – vert dei mest utrulege historiene spunne om vikinghøvdingen som vart det engelske kongehuset sin stamfar.

Der herskar for så vidt debatt rundt om Rollo var dansk eller norsk. Medan m.a. danske og tyske forskarar hevdar han er dansk, er det ei sterk oppfatning mellom engelske, franske og norske historikarar at han var norsk. Rolv er m.a. nemnt i Islendingabok frå første halvdel av 1100-tallet, og den seinare Landnåmabok, som regner opp busettarane på Island frå slutten av 800-tallet av, samt i fleire norske kongesagaer.

På Roald på øya Vigra reiste Ungdomslaget Mjølner ein bautastein til minne om Gange-Rolv. Steinen fann dei i den bratte sida på fjellet Storhornet. 70 mann deltok for å få steinen ned og inn på Roald der den framleis står. Det er laga til eit lite parkområde med informasjonstavle rundt bautaen.

Ved 1000-års jubileet for etablering av Normandie, fekk Ålesund kommune ei bronsestatue av Gange-Rolv i gåve frå byen Rouen. Denne statua som er ein kopi av ei statue som står i parken ved Jeannne d'Arc-katedralen i Rouen. Ein anna kopi står i Fargo, i Nord-Dakota, USA. Det vart gitt av franskætta til norskætta i Amerika i 1912.

I 2011 markerte Ålesund og Giske kommunar 1100-årsjubileet sidan Normandie vart etablert, sjå program (PDF, 482 kB). Jubileet vart også markert tungt i Frankrike.

 

Diverse linkar:

http://snl.no/Gange-Rolv

http://snl.no/.nbl_biografi/Rollo_Gange-Rolv_Ragnvaldsson/utdypning

http://no.wikipedia.org/wiki/Gange-Rolv

http://no.wikipedia.org/wiki/Rollo_av_Normandie

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
Fil
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering