FrivilligFORUM 18. oktober - kvifor ha ein frivilligpolitikk?

Til frivillige: eldsjeler, enkeltpersonar, organisasjonar, lag og foreningar, og institusjonar som får fast driftstilskot frå fylkeskommunen.

Fylkeskommunen og "Frivillighet Norge" skal lage plan for frivilligheita i løpet av 2020. Dei inviterer til inspirasjonssamling der ein gjennom dialog og innspel kan bidra positivt til å utvikle ein framtidsretta og god frivilligpolitikk. Denne planen kan også gi gode innspel til Giske kommune sin frivilligpolitikk, så ein oppmodar dei som har høve å delta på samlinga. Påmeldingsfristen er 1. oktober.