Forskotteringsavtalen med staten i hamn

 Kystverket og Giske kommune signerte idag avtalen om at kommunen kan forskottere 105 mill kr i statleg tilskot for å mudre hamnebassenget i Gjøsund. 2m djupare hamn gjer Gjøsund i stand til å ta imot moderne farty. Dette vil bidra til å utvikle næringsliv og bedrifter ved Gjøsund der det er etablert nær 30 bedrifter med tilsaman 600 tilsette.

Ordførar Harry Valderhaug signerte for kommunen og direktør Einar Vik Arset for Kystverket.  Signeringa vart gjort i påsyn av ei rekkje næringsdrivande samt representantar frå Gjøsund Utvikling AS. Desse var svært positive til at avtalen endeleg er i hamn og at ein kan starte arbeidet med ei hamneutbygging som vil gje ei rekkje nye mulegheiter både for land- og sjøbedrifter, etter at hamna vart prioritert i Nasjonal Transportplan på rekordtid.

Mudringsarbeidet er tenkt starta opp i 2021 og vil ta knapt to år. Omlag 250.000 m3 masse skal gravast ut frå hamnebotnen ned til 8 meter djupne, og nyttast til ny landmasse bl.a. ved Gjøsundneset.

Hamnedirektør i Ålesundsregionen, Ole Christian Fiskå, fortalte at hamnevesenet planlegger å bygge ei 200 m kai med 50 m tungløftkapasitet for å ta i land store modular,  plass-sjef ved Subsea 7, Tor-Ola Olsen, seier at tungløftkaia vil gjere det mogleg for S7-anlegget å bygge nye produkt og tenester. Lufthamnsjef Tor Hånde viser til at med tilgjengeleg masse kan ei forlenge landingsområdet og gjere det mogleg å handtere større flytyper, og fiskeribedriftene ved hamna kan få fisketransporten over frå veg til sjø, noko som både sparer miljø og fraktkostnader.

Dagleg leiar i Gjøsund Utvikling AS, Louis Nordstrand, peikar på mulegheitene som nyvunne landareal kan skape ved etablering av nye verksemder og bedrifter, og takkar samstundes for samarbeidet mellom kommune, bedrifter og staten - eit samarbeid som både ordførar og Kystverket også berømma.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete