Folkemøte om områdeplan for Sætra og Gjøsund

Kommunen inviterar til folkemøte om områdeplanen for Sætra og Gjøsund tysdag 16. oktober kl. 18-20 på rådhuset.

Hensikta med områdeplanen er å leggje til rette for eit attraktivt og levande område med forretningar, kontor, tenesteyting, bustader og møteplassar/ grønstruktur innafor avklart bebyggelsesstruktur. Giske kommune har varsla oppstart og lagt planprogrammet ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist 26.10.2018.

I samband med med høyringa ønskjer kommunen innspel frå innbyggjarane på folkemøtet

Tid: Tysdag 16.oktober kl. 18.00 – 20.00

Stad: Giske rådhus, kommunestyresalen

Dagsorden for møtet:

  1. Planprosessen - status og vidare framdrift
  2. Orientering om reguleringsplanen for Gjøsund næring
  3. Fylkeskommunen sitt arbeid med tettstader v/Møre og Romsdal fylkeskommune
  4. Innspel frå forsamlinga
  5. Oppsummering

Sjå  planprogrammet  for meir informasjon. (PDF, 2 MB)

VEL MØTT!