Følg med barna

Alle har det vanskeleg desse dager. Spesielt komplisert kan det vere for barn. Kvardagen er ikkje som den gjerne skulle vore og ikkje alle dagar er like greie. Her har vi alle ei oppgåve.

La oss gjere det til ein del av den store dugnaden at vi er ekstra oppmerksome på barna, ikkje berre våre eigne men og dei vi har rundt oss. Nokre hyggelege ord, eit smil og litt romsligheit i kvardagen gjer godt.

Mange brukar og mange timer på nettet. Ver ekstra oppmerksame på kven barna snakkar med der, kva sider dei er inne på og kven som kontakter barna. Ver interessert, men ikkje hysterisk.

Er du uroa over noko, kontakt gjerne skulen.