Fleire fagbrev i reinhald

Bygg- og eigedomsavdelinga i Giske feira i dag fem nye fagarbeidarar med bestått teoretisk eksamen i reinhaldsfaget.  Leiar for bygg og eigedom, Robert Valderhaug, rosa reinhaldarane for god studieinnsats innan reinhaldarfaget siste året, og er glad for at over halvdelen av dei tilsette i avdelinga no får fagbrevkompetanse.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 19.01.2018

Både kommunen som arbeidsgjevar og arbeidstakarane får nytte av den formelle fagutdanninga: Fagbrevet dokumenterar formell fagkompetanse, gjev i praksis betre effektivitet i arbeidet, og fagbrevutdanna får arbeide meir sjølvstendig samstundes som at dei får betre løns- og arbeidsvilkår.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering