Ferievikarar i pleie og omsorg

Klikk for stort bilete Vi har som tidlegare fleire ferievikarar frå Sverige som skal arbeide i Giske kommune i sommar. Desse kjem frå område der smittenivået ligg på same som Noreg – litt høgare enn i Giske, men lågare enn om vi fekk vikarar frå Oslo.

For å redusere risiko kring våre svenske ferievikarar vert desse oppfordra til å unngå unødig kontakt 10 dager før ankomst Giske. Vikarane må levere helseerklæring ved ankomst. Dei vert også testa etter ankomst med karantene fram til prøvesvar er klart.

Regelverket opnar for å ta inn personar utan karantene for å dekke opp samfunnskritiske funksjonar, og rutinane for å sikre mot smitte er lagt i nært samråd med kommuneoverlegen. Ved tett kontakt skal dei mellom anna bruke munnbind og handskar samt plastforkle. Munnbind kan nyttast mellom rom.

I tillegg følgjer kommunen opp nasjonale retningsliner og regelverk, bl.a. Folkehelseinstituttet sine råd om bruk av helsepersonell ved fritak frå karantene første 10 dagar, halde avstand og gjennomføring av karantene på fritida første 10 dagar etter ankomst. Dette er meir enn regelverket føreset, og er gjort for å trygge personale, brukarane og pårørande.

Pleie- og omsorgssektoren har hatt ei ekstrem arbeidsmengd sidan Korona-epidemien stengte ned samfunnet 12. mars. Samstundes er vi som vanleg avhengige av ferievikarane i sektoren. Det er difor viktig at vi kan nytte desse for å unngå å stenge ned delar av pleie- og omsorgstilbodet. Det er varsla større smittetopp til hausten: Covid -19 har medført store krav til omstilling og auka arbeidsbelastning våren 2020, og det er viktig at det faste personellet no får avvikle ferie slik at vi er rusta til å handtere eventuelle nye toppar med Covid-19.

Vi oppmodar innbyggarane våre om å ta vel i mot ferievikarane – vi er avhengige av desse som stiller opp for å gjennomføre ein god sommar for alle.