Ferie over stokk og stein

 Klikk for stort bilete Aldri før har så mange barn og unge i Giske hatt ein ferie der det har gått sånn over stokk og stein som i år. Og det i kommunal regi. Hjernene og hjertene bak er Giske Frivilligsentral.

- Vi har i sommar hatt med oss godt over 400 på våre sommaraktivitetar, fortel leiaren av Frivilligsentralen, Ernst Valderhaug. – Vi har stort sett vore i aktivitet med eit eller anna heile sommaren.

Og det er ikkje akkurat stillesitjande innedagar Ernst og gjengen ved Frivilligsentralen har  organisert og gjennomført i sommar. Vi kan nemne motorcross, golf, klartring i Valldal klatrepark, sjøaktivitetar på Alnes, klatring i Geiranger, Dalsnibba, tur med sky-lift i Loen, Akvariet i Ålesund, ja kort sagt alt som er mogleg å komme på innan rimeleg reiseavstand.

- Det som har gjort denne sommaren ekstra artig er tilslutninga vi fekk på dei tilboda vi kom med. Vi har gjort litt forskjellig tidlegare år og, men  denne sommaren vart det fullklaff. Det er nok ein kombinasjon at at vi har gjort oss erfaringar om kva som treff og at i år er det færre som har reist langt, seier Ernst Valderhaug.

Ferie for alle

Klikk for stort bilete Litt av bakgrunnen for at Frivilligsentralen og Ernst engasjerer seg i å arrangere ferieopplevingar for folk i Giske er at dei ynskjer at alle skal få oppleve noko ekstra, uavhengig av økonomi og familiesituasjon.

- Men dette tilbodet er ikkje berre nokre få har fått vere med på. Tilbodet vi har gitt i sommar har ikkje vore avgrensa på nokon måte. Det trur eg har vore litt av suksessen. Her får alle delta heilt på likefot.

- Men har Giske kommune verkeleg råd til å sponse ferie for 400 stykke?

- La det vere heilt klart. Dette fritidstilbodet har ikkje kosta kommunekassa ei einaste krone, seier Ernst Valderhaug. – Svært gode samarbeidspartar har stilt opp med pengar og gjort at vi har vore i stand til å gjere desse turane nesten heilt gratis for dei over 400 som har delteke. Ein ting er kor flott det har vore å få vere med å sjå på all den glede og mestringsfølelse dei unge har hatt, men eg er og veldig stolt av at vi har  bedrifter og lag og organisasjoner som har sett verdien av at vi tek vare på alle i desse krevande tidene. Tusen takk til alle desse.

Korona-tilpassa

Klikk for stort bilete På grunn av alle tiltaka koronasituasjonen krev har Frivilligsentralen hatt ein svært hektisk sommar. Aktivitetane måtte gå føre seg i smågrupper.

- Vi var mellom anna 8 gonger i Valldal Klatrepark. Her var det mange som fekk testa grensene for kva dei våga prøve.

- Er det ikkje farleg med klatring og motorcross?

- Ikkje farleg, men det utfordra alle. Og ikkje minst meg. For som regel er det eg som har blitt pressa til å vere førstemann. Det har rent nokre liter svette. Men eg har overlevd.

Overlevd har det gjort dei 400 andre og – med heilt unike sommarminne etter opplevingar som vil vare lenge.

- No har vi sett kva som engasjerer og treff. Då er det berre å gyve laus videre. Dette må vi berre fortsette med, seier Valderhaug.

 

Klikk for stort bilete