Ekstremvêr Didrik - varsel om svært høg vannstand

Klikk for stort bilete Meteorologisk institutt har sendt ut oppdatert varsel om svært høg vasstand i morgon onsdag 15.01.2020. Vêr-systemet har fått namnet «Didrik». Bakgrunnen for vêret er eit kraftig lågtrykk som ligg søraust av Island, og som gjer oss eit signifikant bidrag til vasstanden. Det er meldt om vind med styrke stiv/sterk kuling frå sørvest i Møre og Romsdal. (Veret har fått namn med bakgrunn i ekstremvêrvarsel som gjeld for Sør Noreg.)

Varsel for strekningen Stad til Frøya: Onsdag ettermiddag er det ventet svært høy vannstand, estimert til 65-75 cm over høyden oppgitt i tidevannstabellene. Vannstanden er ventet å være på det høyeste mellom klokken 13 og 15. Meir informasjon om tidevann og vannstand finnes på sehavniva.no.»

NVE og MET oppmodar på sine sider om at folk sjekker fortøyingane til båtar og sikrar lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

Vegstyresmaktene i fylket melder at dei har varsla sine entreprenørar og ferjerederi om høg vasstand. Dei melder at det kan verte nokre utfordringar for vegsamband med låge fyllingar. Strekningar med låge fyllingar som kan verte påverka er: Runde, Giske, Gjøsundet, Ullasundet, Atlanterhavsvegen, Batnfjordsøra og Freifjordtunnelen. Entreprenørar vil vere ute og inspisere for å kunne iverksette tiltak om det vert naudsynt.

Ferjesamband kan òg oppleve utfordringar med for høg vasstand, knytt til bruk av ferjelem/kai. Nokre avgangar kan verte innstilt i perioden med høgast vasstand. Dei ferjestrekningane som er vurdert å få størst utfordringar er Halsa – Kanestraum, og Festøy – Solevåg, men også dei andre sambanda vil kunne få utfordringar. Det er skipper på ferja som vil ta endeleg stilling til om det er forsvarleg å legge til kai i det enkelte tilfelle.

Det var i går møte i Politiet sin redningsleiing i Møre og Romsdal, og alle aktørane melder at dei har auka merksemd/beredskap for å handtere dei utfordringane som kan kome som følgje av den høge vasstanden. Vurderinga er at det er infrastrukturane for transport (veg, ferje, hurtigbåt osb.) som kan få størst utfordringar.

For oppdatering og meir informasjon av varselet sjå:

https://www.varsom.no/?utm_medium=email&varsel=m_12293 og på https://www.met.no/nyhetsarkiv/svaert-hoy-vannstand-i-sor-norge-oransje-fareniva