Informasjon barnehage

Opptak og fristar

Søknads­frist for hovud­opptaket er 1. mars. Kommunen har opp­taks­møte i mars/april. Det er også høve til å søkje om plass etter fristen. Desse søkjarane får tildelt plass dersom det er ledig kapasitet, eller dei blir sett på venteliste.

Samordna opptak

I Giske kommune har vi samordna opptak via oppvekstportalen. Det er felles søknads­skjema for alle barne­hagane.  Søk om barnehageplass her

Prioritet ved hovudopptak

Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak for, har lovfesta prioritet ved opptak. Deretter blir opptakskriteria som er fastsett i vedtektene til den enkelte barnehage lagt til grunn, sjå barnehagen sine heimesider.

Søknad utanom hovudopptak

Det er mogeleg å søke barnehageplass året gjennom, med unntak av mars månad, då er søkarportalen stengt grunna hovudopptak. Om barnehagen de søker har kapasitet, blir barn tildelt plass gjennom året.

Ventelister

Søkjarar som ikkje får tildelt prioritert plass ved hovudopptaket blir sett på venteliste. Ventelista er ikkje nummerert. Det betyr at søkjarane ikkje får eit nummerert plass på ventelista, men om ein plass blir ledig i løpet av året blir alle søkjarane vurderte, jf. gjeldande opptakskriterium til den enkelte barnehage. Alle søkjarar som ikkje har fått førsteprioriteten sin oppfylt, kan bli ståande inntil søkjaren sjølv gjer endringar i oppvekstportalen.

Klagerett

I hovudopptaket har dei som får avslag eller ikkje får oppfylt første eller andre prioriteten sin klagerett. I supplerande opptak har søkjarar med lovfesta rett til prioritet etter forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage § 3 a klagerett dersom dei ikkje får plass i prioritert barnehage.

Foreldrebetaling og moderasjonsordningar

Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Familiar kan ha rett på reduksjon i foreldrebetalinga i samsvar med gjeldande moderasjonsordningar.

Makspris

Maksprisen for ein barnehageplass er 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023. Maksprisen gjeld alle typar barne­hagar, både offentlege og private. Satsen blir fastsett av Stortinget. I tillegg kjem kostpengar.

Moderasjonsordningar

Har du fleire barn i barnehagen?

Dersom du har meir enn eitt barn i barne­hage i same kommune, skal kommunen sjå til at du får reduksjon i foreldre­betalinga; søsken­modera­sjon. Du skal få søsken­modera­sjon uavhengig av om barna går i ulike barnehagar, og i barnehagar med ulike eigarar.
Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent. For det tredje barnet og eventuelt fleire barn, har Stortinget vedteke gratis barnehageplass frå hausten 2023. 

Har du låg inntekt?

Det er to modera­sjons­ordningar for familiar eller hus­haldningar med låg inntekt.

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldre­betalinga

Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hus­haldninga, skal du ha ein redusert pris.

Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inn­tekta si per barnehageplass. 

Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen fattar vedtak etter søknad.

Gratis kjernetid for 2, 3-, 4- og 5-åringar

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skule­start, som bur i hus­haldningar med låg inntekt, rett til å få 20 timar gratis opphalds­tid i barne­hage per veke. 

Frå 1. august 2023 er inntektsgrensa for husstandar brutto løns- og kapitalårsinntekt lågare enn 615 590 kroner. 

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. august. Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.

Søknadsskjema finn du her

Endring og oppseiing av plass

Endring og oppseiing av barnehageplass gjer du via oppvekstportalen.

Mi side - Velkommen til oppvekstportalen 

Endring av barnehageplass

For dei som vil søke om endra opphaldstid, må den av foreldra som har søkt om plassen logge inn i oppvekstportalen, gå til "Mi side" og vidare til "Mine plasseringar". Bruk lenka øvst på denne sida.

NB: Lenka kjem opp berre for den av foreldra som registrerte barnehagesøknaden.

 

Frist for oppseiing

I Giske og Vigra barnehagar er det to månaders oppseiingsfrist, dette gjeld frå første dag i kvar månad.

Private barnehagar har ulike oppseiingsfristar, sjå vedtektene til den enkelte barnehage.

Publisert 14.11.2017 10.35

Kven har rett til barnehageplass?

Barn som fyller eitt år før 1.desember i det året det blir søkt om plass, har etter søknad rett til plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei ordning for foreldre med barn mellom eitt og to år, eller for adoptivbarn fram til barnet startar på skulen. Sjå NAV sine nettsider for søknadsskjema, vilkår og meir informasjon.

Kommunal kontantstøtte

Giske kommune yt kommunal kontantstøtte for barn i alderen 25 - 34 månader som ikkje nyttar barnehageplass. Sjå fleire vilkår og søknadsskjema via link øvst på sida.