Drift og vedlikehald av gatelys.

Giske kommune er i dag i ein økonomisk utfordrande situasjon med lite pengar til drifta. Dette betyr at ein må spare der det er mogleg. Dette gjeld også drift og vedlikehald av gatelys.

Giske kommune har gitt beskjed til BKK, som skiftar på vegne av kommunen, om at vi må prioritere kvar gatelys kan skiftast. Vi vil prioritere å skifte slik at det skal vere trygt å ferdast langs skulevegar, rundt eldrebustader og ved overgangsfelt. I område som ikkje vert prioritert, kan det ta lang tid før mørke lamper blir skifta ut.

Vi ber deg likevel melde frå her https://www.bkk.no/veilys om gatelys som er mørke, for å kunne prioritere trafikktryggleik framover.