Digital postkasse

Svarut - Klikk for stort bilete

Tilliks med mange andre, offentlege verksemder sendar Giske kommune no post til di digitale postkasse. Les meir om korleis du opprettar digital postkasse på www.norge.no.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 18.04.2017

Utsending av post går frå kommunen til innbyggjaren eller verksemda si meldingsboks i Altinn, til Digipost eller eBoks. Ordninga registrerer automatisk kven som ikkje opnar brevet i Altinn, og vil etter 2 dagar automatisk sende brevet til utskrift og postlegging.

Har du vald Digipost eller eBoks vert ikkje brevet skrive ut og sendt: Då må du opne det der. Opprettar du digital postkasse her, vil du sjå at stadig fleire offentlege veksemder vil sende post der, då treng du berre å halde deg til ei felles postkasse frå det offentlege. Du får også posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, posten vert lagra på eitt og same stad, og vi sparar miljøet for bl.a. papirbruk.

Å sende til digital postkasse er ein trygg måte å sende alle dokument på. Du loggar inn med MinId for å opne. Brev med sensitive opplysningar vil krevje BankID for å kunne opnast.

Du er sjølv ansvarleg for å lagre brevet ditt.

For å opprette digital postkasse, gå til:  http://norge.no/nb/velg-digital-postkasse

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering