Detaljreguleringsplan Johannsmarka - kunngjering av eigengodkjent plan

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-12, vert det med dette gjort kjent at Giske kommunestyre i møte den 06.07.2021, har gjort følgande vedtak:

K- 063/21 Vedtak:
Giske kommunestyre opprettheld vedtaket i K-sak 052/21 gjort den 17.06.2021, og eigengodkjenner reguleringsplan Johannsmarka med planident 2018005, med plankart med revisjonsdato 01.03.2021, og føresegner og planomtale med revisjonsdato 15.03.2021.

Varsel om eigengodkjent plan sendast offentleg mynde, rettshavarar, grunneigarar og naboar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans, jf pbl §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova (fvl) kap. VI. Eventuell klage skal vere grunngjeven og sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya, eller helst til post@giske.kommune.no

Hugs å oppgi k-sak-nummer. Frist for å klage er 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket er kome fram til vedkommande part, jamfør fvl §§ 29 - 31.

Planen ligg i Giske kommune sitt publikumskart (velg kartlag "Reguleringsplaner").
Ein kan finne plandokumenta via kartet, eller direkte i planregisteret ved å trykke her.
For andre dokument i saka kan ein søke opp saksnummeret i innsynsportalen.