Borgarleg vigsel i Giske

brud2.jpg - Klikk for stort bilete Frå 1. januar 2018 er ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar overført frå tingrettane til kommunane etter ei endring i ekteskapslova.  Giske kommune vil frå same tidspunkt ha eit kommunalt vigselstilbod.
 

Publisert av Karin Vea Sæther. Sist endra 03.01.2018

Kven kan bli vigsla borgarleg?

Kommunen har plikt til å ha eit tilbod om vigsel for innbyggjarar i kommunen og personar som ikkje erbusette i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Norge, jf. ekteskapslova § 12 a.  Brudefolka, det vil seie dei to som skal gifte seg, må elles oppfylle vilkåra ekteskapslova set for å inngå ekteskap.


Erklæring og attestar

Før de kan gifte dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må fylle ut ein del skjema (Eigenerklæring, forlovarerklæring, erklæring om skifte dersom du har vore gift før, melding om endring av namn dersom du skal byte namn).  Skjema skal sendast inn på skatteetaten.no.  Behandlingstida er 2-3 veker.  Dersom alt er i orden, skriv Skatteetaten ut ein prøvingsattest som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.  Original attest skal sendast/leverast til Giske kommune seinast 14 dagar før vigselen.  Attesten er gyldig i 4 månader.


Bestilling av tidspunkt

For bestilling av tidspunkt for vigsel, kan de ta kontakt med servicekontoret i rådhuset, tlf. 70 18 80 00, eller post@giske.kommune.no seinast 4 veker før ønskt vigselsdato.

I Giske kommune er det desse som har mynde til å utføre vigslar:

  • Ordførar Harry Valderhaug
  • Varaordførar Britt Giske Andersen
  • Rådmann Marit Elisabeth Larssen
  • Kultursjef Frode Elias Synnes

 

Kvar og når kan vigselen skje?

Vigsel skjer etter avtale i Giske rådhus mellom kl 09.00 og 15.00 på kvardagar.  Kommunestyresalen eller ordførarkontoret kan nyttast.  Er det ønskje om andre vigselsstadar eller vigsel utanom kontortid, må dette avtalast spesielt. 


Kostnad

For kommunen sine innbyggjarar er det gratis å bli vigsla i Giske rådhus.  Dersom ein vil ha vigselen ein annan stad, må brudefolka sjølve dekkje ev. leige av lokale og reise- og opphaldsutgifter for vigslaren.


Legitimasjon

Brudefolka må vise gyldig legitimasjon før sjølve seremonien startar.  Vi godtar pass, norske førarkort og bankkort med bilde og personnummer.


Språk

Vigselen kan gå føre eg på norsk og engelsk.  Dersom brudefolka ikkje forstår desse språka, må dei sjølve ordne med kvalifisert tolk for eiga rekning.


Korleis går vigselen føre seg?

I tillegg til brudefolka, skal det under vigselen vere to andre personar til stades som vitne.  Det kan vere forlovarane eller to andre myndige personar.  Vigslaren brukar om lag 5 minutt på å lese høgt eit vigselsformular som er obligatorisk.  Vigslaren, brudefolka og vitna skriv så under vigselsmeldinga.  Etter dette kan brudefolka disponere litt tid til f.eks. song, musikk, utveksling av ringar, tekstlesing, fotografering eller liknande – dersom dei ønskjer det.  Dette må brudefolka sjølv organisere.


Bevis på ekteskapsinngåinga

Frå vigselen får brudefolka med seg ein stadfesta kopi av vigselsmeldinga.  Den gjeld som mellombels vigselsattest.  Kommunen sender også ein kopi til folkeregisteret.  Den endelege vigselsattesten får brudefolka tilsendt frå folkeregisteret.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering