Bli med på fotokonkurranse!

Likar du berre å fotografere, eller er du kanskje hobbyfotograf? Fine motiv finn du på alle dei fire øyane våre. Merk biletet ditt #Giske2030 og vinn flotte gåvekort.   

Klikk for stort bilete 

I høve ny kommuneplan, set Giske kommune i gong instagramkonkurransen.  Del til dømes eit bilete av noko du set pris på eller berre eit vakkert motiv i Giske kommune og bruk hashtaggen #Giske2030. Bileta vil kunne bli brukt i kommuneplanen. Konkurransen vert avslutta 15. juni, og vinnarane vil då bli kontakta. Bileta må vere tatt i 2021 for å vere med i konkurransen.

Det blir trekt ut tre vinnarbilete.

Premiane er:

  • Gåvekort til Atlanterhavsparken (for 5 pers)
  • Gåvekort på Odeon Kino (for 5 pers)
  • Gåvekort Pizzabakeren (for 5 pers)