Bålbrenning

Bålbrenning 400x200 - Klikk for stort bilete

Det er tid for bålbrenning og St.Hans-feiring der bålet er eit naturleg samlingspunkt for familie og venner: Jamvel om vær og vind kan være ugunstig til tider, minnar vi om at det er forbod mot å gjere opp eld eller behandle ting som representerer brannfare utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Brenning av St. Hansbål er eit unnatak med atterhald om den ansvarlege for bålet viser aktsemd og at brenninga går føre seg på ein forsvarleg måte. Brot på aktsemdplikta kan føre til erstatningsansvar og straff.

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 22.06.2017

I perioden 15. april – 15. september er det generelt forbod mot å tenne opp eld og drive med bålbrenning i Giske kommune.

I perioden 15. september – 15. april er det på landbrukseigedom på visse vilkår høve til å drive flatebrenning og brenning av hogstavfall i skogmark samt gras- og lyngsviing. Ved slik brenning skal det vere ein ansvarleg leiar som skal utarbeide planar og sørge for at brenninga går føre seg på ein forsvarleg måte. I god tid før brenning skal det sendast melding til brannsjefen. 

Når det gjeld hageavfall (inkl. hekk- tre- og greineavfall) frå bustadområder gjeld brenningsforbodet heile året. Med omsyn til personar med astma og allergiplagar og andre helseplager i vår tettfolka kommune, er det viktig at dette forbodet blir halde.

Alle hushaldningar i Giske kommunen kan levere alt hageavfall gratis på Gjøsundneset miljøstasjon.    

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering