Åtte frå redningsaksjon til Giske

Åtte av mannskapet på eit nederlandsk lasteskip som kom i havsnød utanfor Møre-kysten vart måndag redda med helikopter til Vigra.

Klikk for stort bilete 

Alle vart tekne hand om av kriseteamet frå Giske kommune.  

Etter landing på Vigra vart dei åtte korona-testa og tekne med vidare til Ålesund Airport hotell på Valderøya. Der vart dei mottekne av helseteam frå Giske.

Næringsdrivande i Giske kommune stilte så opp med klede og sko og nødvendige toalettsaker til mannskapet. Alle måtte forlate skipet utan å kunne ta med noko.

Dei åtte er i god fysisk form.