ANBOD – VAKTORDNING FALLVILT

Klikk for stort bileteGiske kommune har ansvar for å organisere og gjennomføre ettersøk, avliving og ivaretaking av skada vilt og behandling av fallvilt innanfor eigne kommunegrenser. Dette betyr at kommunen må ha tilgang til kvalifisert personell og eigna ressursar til å gjennomføre ettersøk og eventuell avliving av fallvilt. Dette kan vere vilt som til dømes er blitt påkjørt eller på anna måte skadd.

Gjeldande vaktavtale med ettersøksjeger er gått ut. Vi ber kvalifiserte jegerar med sertifisert hund om å sende inn tilbod for å inngå vaktavtale med Giske kommune. Avtalen vil gjelde for 2 år med opsjon på 1 + 1 år, totalt inntil 4 år frå kontraktinngåing.

Nærare omtale av krav og vilkår ved tenesta ligg ved.

Send anbod med pris og dokumentasjon for kvalifikasjonar og sertifisering merka «ANBOD – VAKTORDNING FALLVILT» til : Giske kommune, Valderhaugstrand 4, 6050 Valderøya, Epost: post@giske.kommune.no

Frist: 31. juli 2020.

Vedlegg: