Aktuelt

Parkeringsplassar og naturområde i Giske

Klikk for stort bilete hewa   Giske er eit ynda reise- og turistmål på sommartid for både familiar og grupper med badestrender, turstiar, historiske plassar og utfluktsmål. Trafikken har auka med Korona-situasjonen, så vi legg her ved ein oversikt over parkeringsplassane på øyane. Vi ber publikum om å nytte desse når dei skal bruke turterreng og gangvegar.

Vi minnar  om at det er restriksjonar for bruk og ferdsel i naturrreservata og verneområda for å skjerme dyre- og fugleliv og sårbare naturområde. Blant anna er camping og motorferdsel i slike område forbode. Det er difor laga ei samling av dei mest aktuelle verneforskriftene, sjå nedanfor. 

Vi ønskjer alle ein riktig god feriesommar med mange gode naturopplevingar i Giske!

Klikk for stort bilete REGLAR FOR BRUK AV NATURRESERVAT OG VERNEOMRÅDE I GISKE*

1.      Vegetasjonen på land og i sjøen, også daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.

2.      Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.

3.      Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.      Motorferdsel på land er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.

5.      Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement, jaktprøver eller andre større arrangement er forbode.

6.      Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar er forbode.

Det gjeld elles eigne forskrifter for kvart reservat. Sjå vedlegg.

* utdrag av Forskrift om freding av Molnes naturreservat.

Vedlegg:

Allemannsretten - kva er det?

Stikkut-turar i Giske 2020

Tirsdag kom beskjeden om at barnehagane og skulane skal starte opp igjen etter påske. Barnehagane skal opne frå 20. april og seinast 27. april. SFO og undervisninga for klassetrinna 1-4 skal starte 27. april.

  

Barn i lek

Etter ein månads stenging er Regjeringa klar med ein nasjonal plan for åpning av barnehagar og skular. Giske kommune vil sjølvsagt følgje dette vedtaket.

  

14. april kan frivillige lag og organisasjoner og arrangører i kultursektoren søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsatte eller stengte arrangementer. Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkerne kan bruke tiden fram mot 14. april på å forberede seg. 

  Frå måndag 6. april kl. 12 vert fotoboksane i tunnelsambandet sett i drift med strekningsmåling. Det vert då målt gjennomsnittshastigheit i Ellingsøy- og Valderøytunnelane i begge retningar, og der alle bilar vert fotografert.

Køyrer ein over fartsgrensa, lyser det eit gult lys etter den andre fotoboksa. Bilete av bilar som held fartsgrensa vert sletta umiddelbart.

0 Kommentarer

Siste dagane har vore både triste og gledlege for Giske kommune. Vi er alle prega av at to er døde av korona-viruset på Giske Omsorgsenter. Dette er noko som preger heile lokalsamfunnet.

 

Torsdag 2. april klokka 12-13 svarte beredskapsleiinga ved kommunelegen, ordføraren og kommunedirektøren på spørsmål skuleelevar har stilt om korona og Giske kommune.

Opptak av møtet er no lagt ut slik at alle kan sjå.

Klikk her for å sjå opptaket

 Søknadsfrist: 22.april og 20.september 2020.

Ordninga gjeld for skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, kulturmiljø og
friluftslivsområde.

 Husbanken etablerar no tilbod for dei som får betalingsproblem under korona-epidemien med nedsett inntekt.  Sjå eiga nettside her for meir informasjon.

Eige side om bustønad ligg her: Frist for søknad om bustønad er 25. april.

 Ei eldre kvinnen døyde av korona-smitte ved Giske Omsorgsenter tidleg fredag morgon. Dette er det andre korona-dødsfallet på senteret denne veka.

 Det vert sendt ut faktura for betaling for barnehage og SFO for april. Foreldrebetaling i samband med stenging på grunn av korona-viruset er kreditert på denne fakturaen. Denne vil difor vise kr 0 i betaling. Dersom barnehagane og SFO vert stengt etter påske vil krediteringa komme på seinare fakturaer.