Aktuelt

Du kan laste ned smittestopp

Giske kommune oppmodar innbyggarar til å laste ned appen Smittestopp frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Klikk for stort bilete 

Den er med på å hindre at koronaviruset sprer seg i samfunnet. Den er frivilleg å bruke og tek vare på personvernet ditt. Appen har 16-års aldersgrense.

Koronavisruset er svært smittsamt. Har du vore i nærleiken av ein smitta person, er det ein risiko for at du sjølv er blitt smitta. Dersom ein oerson med koronavirus gir beskjed fgjenom Smittestopp, får du melding hvis du har vore i nærleiken av vedkomande. Blir du sjølv smitta, gjer du det same. Dermed kan appen vere med på å hindre at fleire blir sjuke.

Verken du eller nokon anna får vite kven det gjeld, berre at du har vore i nærleiken av nokon som er smitta.  

Last ned her: 

Smittestopp for Apple-telefonar

Smittestopp for Android-telefonar

Etter vedtak frå Giske formannskap og med heimel i Plan- og bygningslova §§11-14 og i samsvar med lovens §§4-2 og 5-2 sendast planforslag til kommunedelplan for naturmangfald på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Høyringsfrist er 6 veker frå 28.02.2018, og fram til 13.04.2018.

ÅRIM meldar at det kjem ein mobil miljøstasjon for å samle opp farleg avfall. Oversikt over datoar finn du i vedlegget under.

 

 

Miljøstasjonen på Gjøsundneset vert drifta av det interkommunale selskapet ÅRIM. Her kan du levere inn gjenvinnbart avfall bestemte dagar i veka: Sjå meir informasjon på ÅRIM sine nettsider

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12 - 12 ledd 4 vert grunneigarar innafor planområdet, naboar til planområdet, heimelshavarar og offentleg mynde gjort kjend med at Giske kommunestyre i møte 08.02.2018, sak K-003/18, i medhald av pbl § 12 - 12 har godkjent detaljplan Giskeremen.

Giske kontrollutval har merknader til tittel, ingress og delar av innhaldet i artikkelen i Øyblikk 8. februar. Framstillinga er ikkje i samsvar med det som verkeleg skjedde på møtet.

Frå 1. januar 2018 er ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar overført frå tingrettane til kommunane etter ei endring i ekteskapslova.  Giske kommune vil frå same tidspunkt ha eit kommunalt vigselstilbod.

Kommunane som inngår i Ålesund og Stranda veterinærvaktdistrikt kunngjer med dette konkurranse om veterinærvakttenester.

Tilskotta skal medverke til eigna lokale, bygningar og utearena som gir rom for ulik kulturell verksemd. 

I den nye kartløysinga finn du gjeldande kommuneplan, reguleringsplanar og planar under arbeid. Du kan også finne informasjon om adresser, gards- og bruksnummer og storleiken på eigedomar og tomter.

Vi oppmodar alle som skal besøke Alnes og Godøyfjellet til å bruke dei offentlege parkeringsplassane som er tilgjengelege, sjå kart (PDF, 132 kB).