Aktuelt

Vinden har løya på Giske bru - Oppdatering kl 15.20

I ettermiddag har Giskebrua vore delvis stengt i perioder.

Kl 15.05 har vinden har løya litt og dreid mot nord, og Giske bru er no open for alle.

  

Dei ungdomsskuleelevane som ikkje blei henta av foreldre, blir no sendt heim med drosje.

 

Meldingar til kommunen

Det er viktig å sikre lause gjenstandar og halde oppsyn med båtar i hamnene.

Ved meldingar om problemer i samband med kommunale bygg eller andre installasjonar kontakt Robert Valderhaug på tlf 41 70 19 37.

Dersom det er problem med vatn eller avløp er det muleg å ta kontakt med uteseksjonen i Giske kommune på vakttelefonen: 900 18 425

Etter vedtak frå Giske formannskap og med heimel i Plan- og bygningslova §§11-14 og i samsvar med lovens §§4-2 og 5-2 sendast planforslag til kommunedelplan for naturmangfald på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Høyringsfrist er 6 veker frå 28.02.2018, og fram til 13.04.2018.

ÅRIM meldar at det kjem ein mobil miljøstasjon for å samle opp farleg avfall. Oversikt over datoar finn du i vedlegget under.

 

 

Miljøstasjonen på Gjøsundneset vert drifta av det interkommunale selskapet ÅRIM. Her kan du levere inn gjenvinnbart avfall bestemte dagar i veka: Sjå meir informasjon på ÅRIM sine nettsider

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12 - 12 ledd 4 vert grunneigarar innafor planområdet, naboar til planområdet, heimelshavarar og offentleg mynde gjort kjend med at Giske kommunestyre i møte 08.02.2018, sak K-003/18, i medhald av pbl § 12 - 12 har godkjent detaljplan Giskeremen.

Giske kontrollutval har merknader til tittel, ingress og delar av innhaldet i artikkelen i Øyblikk 8. februar. Framstillinga er ikkje i samsvar med det som verkeleg skjedde på møtet.

Frå 1. januar 2018 er ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar overført frå tingrettane til kommunane etter ei endring i ekteskapslova.  Giske kommune vil frå same tidspunkt ha eit kommunalt vigselstilbod.

Kommunane som inngår i Ålesund og Stranda veterinærvaktdistrikt kunngjer med dette konkurranse om veterinærvakttenester.

Tilskotta skal medverke til eigna lokale, bygningar og utearena som gir rom for ulik kulturell verksemd. 

I den nye kartløysinga finn du gjeldande kommuneplan, reguleringsplanar og planar under arbeid. Du kan også finne informasjon om adresser, gards- og bruksnummer og storleiken på eigedomar og tomter.

Vi oppmodar alle som skal besøke Alnes og Godøyfjellet til å bruke dei offentlege parkeringsplassane som er tilgjengelege, sjå kart (PDF, 132 kB).