Aktuelt

Arbeidet med marine grunnkart er i gangsett

Giske kommune er med i pilotprosjekt med utarbeiding av  marine grunnkart. 

Klikk for stort bilete 

Kartverket, Norges geologiske undersøkelser (NGU) og Havforskningsinstituttet (HI) har i vår sett i gang sjøkartlegginga i pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsona», der sjøområda  i Giske og Ålesund kommunar er eitt av tre pilotområde.

Dei marine grunnkarta i kystsona skal bidra til ei berekraftig utvikling av kystsamfunna, og til styrking av dei marine og maritime næringane. Regjeringa har løyvd 13,8 millionar kroner over statsbudsjettet til oppstart i tre område langs kysten:

Det er Stavanger, Giske og Ålesund, og Skjærvøy og Kvænangen.

Klikk for stort bilete 

Kart som viser bunnreflektivitet er publisert for Giske og Ålesund pilotområde:

Sjå her: Mareno

Bunnreflektivitet frå multistråleekkolodd gir informasjon om variasjon i bunntype.

Dybdedata, helling og ruheit er publisert for Giske og Ålesund pilotområde:

Kartet kan du sjå nærare på her: Dybdedata

Vi oppmodar alle som skal besøke Alnes og Godøyfjellet til å bruke dei offentlege parkeringsplassane som er tilgjengelege, sjå kart (PDF, 132 kB).

 

Vaksina er tilgjengeleg ved Giske legekontor.