Aktuelt

Samla leiarmøte for oppvekst

I dag, tysdag, har skuleleiarar og styrarane i barnehagane vore samla til felles møte på rådhuset.

Dagens tre sentrale tema var:

  • Mobbing ved Arne Opheim
  • Begrepsundervisning ved Vigdis Paulsen Myklebust
  • TALK – tilrettelegging for barn med høgtfungerande autisme, ved Nina Nordmark.

Klikk for stort bilete 

«Vi er opptekne av å samle og å utvikle kompetansen i heile oppvekstsektoren, vi vert rett og slett betre saman!  Vi har eit felles ansvar for ungane som veks opp i Giske kommune og brenn for at oppveksten deira skal vere god!», seier kommunalsjef Åse Elisabeth Skjærseth.

Mobbing

Frå 1. januar trådte eit nytt regelverk som omhandlar barnehagemiljøet i kraft. I samband med dette har Arne Opheim fra PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste) halde innlegg om temaet.

"Det er stor stas å ha så god fagkompetanse lokalt i vårt PPT", seier Skjærseth vidare.

I løpet av dagen har det vore gruppearbeid med refleksjonar, og det er blitt jobba med å etablere grunnlag for  felles strategiarbeid til beste for ungane som veks opp her.

I barnehagane sitt utviklingsarbeid «To fram», som blei avslutta i oktober 2020, har det mellom anna blitt utarbeidd ein Handlingsplan mot mobbing. Sjå kortfilmen om handlingsplanen her:

BAPP-grupper er eit gruppetilbod for born 8-12 år og ungdom 13-15 år med foreldre med psykiske problem. Tilbodet er i alle kommunar for pårørande og for born.

I Giske kommune startar gruppetilbodet for foreldre og føresette måndag 9. april.

Droner som tek video og bilete frå lufta har vore særs populært seinaste tida. Vi minnar om at pga. flyplassen er det strenge restriksjonar for bruk av droner og modellflyg i kommunen.

Sjå kart og reglar for Ålesund Lufthamn Vigra på https://avinor.no/…/pa-flyplas…/droner/kart-og-restriksjoner.

No er all informasjon om din eigedom tilgjengeleg frå Giske kommune si heimeside.

Logg inn i "Min eigedom" her

Som grunnlag for eigedomsskatt nyttar Giske kommune bustadverdier oppgitt frå skatteetaten.

Brannsjefen har frå i dag 9. mars klokka 09.00 oppheva det midlertidige bålforbodet i kommunane Giske-, Haram- og Ålesund.

Brannsjefen har vedtatt forbud mot å gjøre opp ild utendørs i kommunene Giske-, Haram- og Ålesund kommune. Forbudet gjelder fra 2. mars 2018 kl. 08.00 og inntil situasjonen endrer seg.

Etter vedtak i kommuneplanutvalet den 26.02.2018, sak F-015/18, blir framlegg til kommuneplanen sin arealdel lagt ut til 3. gongs offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14.

Etter vedtak frå Giske formannskap og med heimel i Plan- og bygningslova §§11-14 og i samsvar med lovens §§4-2 og 5-2 sendast planforslag til kommunedelplan for naturmangfald på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Høyringsfrist er 6 veker frå 28.02.2018, og fram til 13.04.2018.

ÅRIM meldar at det kjem ein mobil miljøstasjon for å samle opp farleg avfall. Oversikt over datoar finn du i vedlegget under.

 

 

Miljøstasjonen på Gjøsundneset vert drifta av det interkommunale selskapet ÅRIM. Her kan du levere inn gjenvinnbart avfall bestemte dagar i veka: Sjå meir informasjon på ÅRIM sine nettsider