Aktuelt

Arbeidet med marine grunnkart er i gangsett

Giske kommune er med i pilotprosjekt med utarbeiding av  marine grunnkart. 

Klikk for stort bilete 

Kartverket, Norges geologiske undersøkelser (NGU) og Havforskningsinstituttet (HI) har i vår sett i gang sjøkartlegginga i pilotprosjektet «Marine grunnkart i kystsona», der sjøområda  i Giske og Ålesund kommunar er eitt av tre pilotområde.

Dei marine grunnkarta i kystsona skal bidra til ei berekraftig utvikling av kystsamfunna, og til styrking av dei marine og maritime næringane. Regjeringa har løyvd 13,8 millionar kroner over statsbudsjettet til oppstart i tre område langs kysten:

Det er Stavanger, Giske og Ålesund, og Skjærvøy og Kvænangen.

Klikk for stort bilete 

Kart som viser bunnreflektivitet er publisert for Giske og Ålesund pilotområde:

Sjå her: Mareno

Bunnreflektivitet frå multistråleekkolodd gir informasjon om variasjon i bunntype.

Dybdedata, helling og ruheit er publisert for Giske og Ålesund pilotområde:

Kartet kan du sjå nærare på her: Dybdedata

Fredag førre veke kom fiskeriminister Harald Tom Nesvik til Giske med 91 millionar til Gjøsund hamn.

Giske kommune varslar oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for utvikling av Sætra og Gjøsund til nytt senter for handel, næring og service i kommunen.

Statens Vegvesen meldar om nytt køyremønster på Kverve frå 5. september.

" Onsdag 5. september blir vegen mellom Ålesundstunnelene lagt om for å bygge rundkjøring. Da kan du ikke lenger kjøre rett fram mellom tunnelene, men må i stedet kjøre i en «hestesko». Omkjøringen blir skiltet og vil vare fram til den nye rundkjøringen står ferdig i desember.

- Vi ber om at trafikantene senker farten, følger skiltingen og viser hensyn til arbeiderne, oppfordrer prosjektleder Ole Kristian Birkeland."

Statens vegvesen trappar opp sprøytinga av betong i Godøytunnelen og rår til å la bilen stå og heller ta hurtigbåten til og frå Godøya.

No når mørket brått kjem tidlegare på kvelden, og det snart er mørkt når skuleungane går til og frå skulen, oppmodar vi til å melde feil på veglysa.

Vegvesenet meldar om ekstra kolonner om natta gjennom Ålesundstunnelane og fleire avganger med snøggbåten til Valderøya og Godøya under Jugendfest i helga.

Frå og med 1.september 2017 krev Giske kommune elektroniske faktura og kreditnota frå sine leverandører i EHF format for alle innkjøp og bestillingar.

 

Fleire plassar trakkar badegjestar og solhungrige rett over sårbar innmark i søket etter ei bra badestrand i sommarvarmen. Dette er det ikkje lov. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og politiet minner om gjeldande ferdselsreglar.

Det er framleis ekstrem skogbrannfare på Austlandet, Sørlandet og Vestlandet, og no er det viktig at alle er merksam på dette slik at det ikkje vert fleire skogbrannar.