Aktuelt

Du kan no bestille digitale møter/telefonmøte over nett

Klikk for stort bilete Giske kommune har oppretta ein digital bookingteneste der du kan bestille tid for å snakke med ein saksbehandler. For tida er tenesten berre åpen for nettmøte eller telefonmøte. Når situasjonen endrer seg med tanke på Covid-19 så vil det også kome muligheit for å reservere fysiske møter. 
Tenesten er enkel å bruke og sakshandsamer styrer det som skal skje. For digitale møter sender saksbehandler deg ei lenke på den oppgitte epostadressa di og du treng då berre ein PC-nettbrett/mobil med lyd og mikrofon for å følge møtet. Du treng ikkje lisens for Teams eller Skype for å bruke tenesten.  

Sjå bruksanvisning under:


1Du åpner ein nettleser og går til adressefeltet og skriv følgende adresse: www.giske.kommune.no\booking
Da kjem følende side opp. Kategoriane som er på bildet vil kome til å endre seg med tida ettersom tenesten utvikler seg.

Klikk for stort bilete  

 2. Velg det fagområdet du ønskjer eit møte om - Feks Plan, Kart og Eigedom

Her kjem dei saksbehandlerane som arbeider innanfor dette fagområdet opp. Under namnet til saksbehandleren står det kva tittel dei har og kva arbeidsfelt dei jobber med.  Her står også ei adresse for kor dei har fysisk kontor men for tida tar vi ikkje imot fysiske møter.   Trykk på navnet på den personen du vil snakke med. 

Klikk for stort bileteKlikk for stort bilete  
 
3. Når du har valgt saksbehandler kjem du til ei informasjonsside. Her ligg det FAQ (Ofte stilte spørsmål) som du kan åpne med å trykke på pila til høgre for spørsmålet. Øverst står instrukser for korleis bookingtenesten fungerer. Nederst står fagspørsmål som saksbehandler sjølv har lagt ut. Sjå på desse lenkene før du bestiller tid. Kanskje ligg svaret her.

Ønsker du å bestille møte trykker du på Reserver tid

  
4. Når du har valgt Reserver tid så vil du få opp kalenderen til saksbehandleren. Velg ein ledig dato, velg vidare eit ledig klokkeslett og trykk Fortsett

5. Fyll ut skjema, velg nettmøte eller telefonmøte og trykk fortsett og til slutt "Fullfør reservasjon" Hr du valgt telefonmøte vil saksbehandler ta kontakt på oppgitt telefonnummer til bestemt tid. - Har du valgt nettmøte vil saksbehandler sende søker ei lenke på oppgitt epostadresse som gir tilgang til et nettmøte. Saksbehandler vil bruke kamera under møtet. Det er hyggelig og heilt frivillig dersom søker også vil har på kamera.
Klikk for stort bilete 

Klikk for stort bilete 

Klikk for stort bilete 

I Noreg er det allmenn bandtvang for hundar i perioden 1. april - 20. august.

 

 

Møre og Romsdal fylke har lagt ut info om betring av busstilbodet i Ålesundsregionen frå 1. mai.

Statens Vegvesen meldar at Ellingsøytunnelen vert stengt mellom 20. april kl. 24.00 og 22. april kl. 20.00. Det vert trafikkavvikling som vanleg med kolonnekøyring både før og etter stenginga. Valderøytunnelen vert ikkje stengt, der vert det kolonnekøyring frå kl. 20-06 som vanleg.

Komite for miljø- og tekniske saker har i møte den 11.04.2018, sak KMT-024/18 vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 å leggje forslag til reguleringsendring, datert 15.11.2017, ut til offentleg ettersyn. Dokument i saka er lagt ved under.
 

Å fullføre eit liv

31. august er det klart for ein viktig fagdag innan palliasjon og demens. Meld deg på her. Dagen blir på Øygardshamna på øya Giske.Der er parkering eller du kan ta buss. Dette blir ein flott dag med høgt fagleg fokus. Om du vil kan du bu på Ålesund Airport Hotell

Spre ordet til dei du kjenner slik at alle som ynskjer å delta får delta. NB påmeldingsfristen er 10.august.

 

 

 

 

 

 

Bli med på sommarskule stappfull av utforsking og opplevingar du seint vil gløyme! Dette blir garantert sommaren sitt høgdepunkt for nysgjerrige forskerspirar som skal opp i 5., 6. og 7. klasse til hausten. Gjennom ei actionfylt veke skal barna eksperimentere og utforske innan naturvitenskapen si spennande verd.

Brannsjefen opphevar i dag 3. april kl. 18.00 det mellombelse bålforbodet i kommunane Giske-, Haram- og Ålesund. 

Samordna opptak er no i gang. Vi ber alle som får tilbod, svare så raskt det let seg gjere. Dersom du ikkje finn e-post frå Giske kommune, kan du logge på oppvekstportalen og sjå der.

BAPP-grupper er eit gruppetilbod for born 8-12 år og ungdom 13-15 år med foreldre med psykiske problem. Tilbodet er i alle kommunar for pårørande og for born.

I Giske kommune startar gruppetilbodet for foreldre og føresette måndag 9. april.

Droner som tek video og bilete frå lufta har vore særs populært seinaste tida. Vi minnar om at pga. flyplassen er det strenge restriksjonar for bruk av droner og modellflyg i kommunen.

Sjå kart og reglar for Ålesund Lufthamn Vigra på https://avinor.no/…/pa-flyplas…/droner/kart-og-restriksjoner.