Aktuelt

Parkering ved naturområde i Giske

Klikk for stort bilete hewa   Giske er eit ynda reise- og turistmål på sommartid for både familiar og grupper med badestrender, turstiar, historiske plassar og utfluktsmål. Trafikken har auka med Korona-situasjonen, så vi legg her ved ein oversikt over parkeringsplassane på øyane. Vi ber publikum om å nytte desse når dei skal bruke turterreng og gangvegar.

Vi minnar  om at det er restriksjonar for bruk og ferdsel i naturrreservata og verneområda for å skjerme dyre- og fugleliv og sårbare naturområde. Blant anna er camping og motorferdsel i slike område forbode. Det er difor laga ei samling av dei mest aktuelle verneforskriftene, sjå nedanfor. 

Vi ønskjer alle ein riktig god feriesommar med mange gode naturopplevingar i Giske!

Klikk for stort bilete REGLAR FOR BRUK AV NATURRESERVAT OG VERNEOMRÅDE I GISKE*

1.      Vegetasjonen på land og i sjøen, også daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.

2.      Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.

3.      Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.      Motorferdsel på land er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.

5.      Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement, jaktprøver eller andre større arrangement er forbode.

6.      Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar er forbode.

* utdrag av Forskrift om freding av Molnes naturreservat.

Det gjeld eigne forskrifter for kvart reservat: Sjå vedlegg .

Vedlegg:

Allemannsretten - kva er det?

Stikkut-turar i Giske 2020

Etter vedtak i kommuneplanutvalet den 26.02.2018, sak F-015/18, blir framlegg til kommuneplanen sin arealdel lagt ut til 3. gongs offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14.

Etter vedtak frå Giske formannskap og med heimel i Plan- og bygningslova §§11-14 og i samsvar med lovens §§4-2 og 5-2 sendast planforslag til kommunedelplan for naturmangfald på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Høyringsfrist er 6 veker frå 28.02.2018, og fram til 13.04.2018.

ÅRIM meldar at det kjem ein mobil miljøstasjon for å samle opp farleg avfall. Oversikt over datoar finn du i vedlegget under.

 

 

Miljøstasjonen på Gjøsundneset vert drifta av det interkommunale selskapet ÅRIM. Her kan du levere inn gjenvinnbart avfall bestemte dagar i veka: Sjå meir informasjon på ÅRIM sine nettsider

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12 - 12 ledd 4 vert grunneigarar innafor planområdet, naboar til planområdet, heimelshavarar og offentleg mynde gjort kjend med at Giske kommunestyre i møte 08.02.2018, sak K-003/18, i medhald av pbl § 12 - 12 har godkjent detaljplan Giskeremen.

Giske kontrollutval har merknader til tittel, ingress og delar av innhaldet i artikkelen i Øyblikk 8. februar. Framstillinga er ikkje i samsvar med det som verkeleg skjedde på møtet.

Frå 1. januar 2018 er ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar overført frå tingrettane til kommunane etter ei endring i ekteskapslova.  Giske kommune vil frå same tidspunkt ha eit kommunalt vigselstilbod.

Kommunane som inngår i Ålesund og Stranda veterinærvaktdistrikt kunngjer med dette konkurranse om veterinærvakttenester.

Tilskotta skal medverke til eigna lokale, bygningar og utearena som gir rom for ulik kulturell verksemd. 

I den nye kartløysinga finn du gjeldande kommuneplan, reguleringsplanar og planar under arbeid. Du kan også finne informasjon om adresser, gards- og bruksnummer og storleiken på eigedomar og tomter.