Aktuelt

Teststasjon for korona på Vigra flyplass

På Vigra flyplass er det oppretta teststasjon for reisande som kjem frå utlandet.

Men det er avgrensingar i både tilbodet om testing og formidling av prøvesvar.

Klikk for stort bilete 

Kven bør bli testa?

Folkehelseinstituttet sine testkriteria skal ligge til grunn. Ved Koronateststasjon blir det gitt tilbod til: Personar som kjem frå raude land, og frå andre land som har mistanke om at dei kan vere smitta.

Avgrensing i tilbod og formidling av prøvesvar

Statlig finansierte testsenter skal avgrense seg tilbod om testing og initial oppfølging av positive prøvesvar. Reisande med andre behov kontaktar den ordinære helsetenesta.

Reisande skal informerast om at berre dei med positivt prøvesvar blir kontakta og at testsenteret ikkje har kapasitet om å informere om negative prøvesvar.

Det er ikkje testsentera sitt ansvar å tilby første test for arbeidsgjevarar som ønsker kortare karantene for tilsette som kan komme under unntak i covid-19 forskriftens § 6 åttande ledd. Dette er arbeids- eller oppdragsgiveren i Norge som har ansvar for. Kommunar kan inngå avtale med om å tilby slik test på testsenteret, men det er ikkje oppdraget fra Helsedirektoratet.

KARANTENE: Ein kan være smitta sjølv om testsvaret er negativt, og at ein tar koronatest vil difor ikkje påverke krav om karantene.  Dei som kjem frå raude land på flyplass skal ha munnbindet på til dei er komme heim, eller til dit dei skal være i karantene.

Rammeverk for testsenter ved grenseovergangar (utdrag frå skriv frå Helsedirektoratet)

Kommunen søkjer etter  4 vararepresentantar til brukarutvalet i helse- og omsorgstenestene.

 

 

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem bli registrerte hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn.

Meir informasjon og lenkje til registreringsskjemaet ligg på www.mattilsynet.no

Verdas mest spanande jobb er no ledig i følgje ho som har jobben i dag. Har du lyst til å bli Giske kommune sin nye folkehelsekoordinator?

Green Cycle AS har søkt Nærings- og fiskeridepartementet om konsesjon for dyrking av makroalgar på lokalitet NFFFA_6 – Vikane i Giske kommune.

Are you planning to visit Norway during the holidays and want to take pictures using a drone? In that case, the Norwegian Civil Aviation Authority would like you to get to know the rules for flying a drone in a safe and considerate manner.

Get to know the 5 basic guidelines for flying a drone here.

NOTE: There is a special restriction area for the airport at Vigra and Valderøya for the use of drones and model Aircraft: see below.

Skal du besøke Giske i ferien, og ta med deg drone for å ta bilete eller film? Då ønskjer Luftfartstilsynet at du set deg inn i reglane for korleis du kan bruke denne.

Vi gjer merksam på at på grunn av Ålesund Lufthamn Vigra er det avgrensa mulegheiter for å bruke drone i store delar av Giske - sjå https://www.giske.kommune.no/aktuelt/droneflyging-i-giske.3505.aspx

Sidan måndag 28. mai 2018 har det vore forbod mot bruk av open eld i heile kommunen. No er nedbøren tilbake, og frå og med fredag 15. juni er bål- og grillforbodet utanfor eigen hage og veranda i kommunane Ålesund, Giske og Haram oppheva for denne gong.

Nord Helikopter As, som er stasjonert på Ålesund Lufthamn Vigra, vann prisen som Årets Bedrift 2017 i Giske. Juryformann Jan Ove Skodje og ordførar Harry Valderhaug overrakte diplom og statuett av Olaf Leon Roald til representantane for selskapet ved starten av kommunestyremøtet 14. juni.