Aktuelt

17. mai festforestilling for Giske kommune (opptak)

Klikk for stort bilete17. mai sende vi ein times festforestilling på Facebook. Her kan du sjå opptak av forestillinga.

Vi får i løpet av en drøy time presentert barna sin tale med barn frå alle fire øyane våre, helsing frå ordførar Harry Valderhaug, tale frå russepresident Karethe Torben, historiske tilbakeblikk, helsing frå alle barneskulane, tryllekunstar frå Tito og Aurora, Ole Reinlund og barn frå Alnes, innslag frå Lea Sofie Grande Røsvik, Jon Roald og Andrea Austnes korpsmusikk frå Vigra og Valderøy skulemusikk, Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk, Giske Mannskor og Godøy brass.

Møre og Romsdal fylke ber om innspel til ny ordning for AutoPASS på ferjesamband. Dette omfattar bl.a. endring der passasjerar ikkje skal betale ferjebillett og at kostnaden i staden vert lagt på bil-billetten. 

Høyringsfrist til fylket er satt til 25. februar 2019.

Kommunebudsjettet for kommande år og økonomiplanen for kommande 4-årige periode vert kvart år behandla av kommunestyret før jul.

Digital økonomiplan ligg på nett her.

 

Det har oppstått brot på vassforsyninga på Valderøya. Staden er enno ikkje funne, men teknisk reknar med at skaden er lokalisert og reparert i løpet av dagen.

Mange utval og komitear har vore inne i arbeidet med budsjettarbeidet for kommande år, og det har kome spørsmål om kva som vart endeleg bestemt av kommunestyret i budsjettsaka den 29. november 2018.

Vi legg difor ved det endelege vedtaket i kommunestyresak 066/18 til orientering.

 

 

Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd nytt ruteopplegg for rutebuss i Giske frå 1. mai 2019 og ønskjer tilbakemeldingar og innspel til dette.

Gå til https://frammr.no/FRAM/Ruteopplegg-Giske for meir informasjon, lenkjer til dei nye rutetabellane og kor du skal sende ditt innspel.

Norovirus er svært smittsamt. Dei viktigaste førebyggande tiltaka er grundig handvask med såpe og vatn og god kjøkkenhygiene heime, i skule og i barnehage. Vinteren er høgsesong for omgangssjuke på grunn av norovirusinfeksjonar.

Vil du sjekke fakturaene dine frå Giske kommune eller søke utsetjing av ei rekning? Då kan du gjere det enkelt sjølv.

 - Kva gjer du om straumen vert borte fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, eller det manglar vatn i springen?

For å styrke beredskapen i samfunnet oppfordrar Direktoratet for Samfunn og Beredskap (DSB) alle å vere budd på å klare seg sjølv i tre dagar. Dei grunnleggande behova som ein må dekke dei første tre dagane av ei krise er :

  • varme
  • drikke
  • mat
  • legemidlar
  • hygiene
  • informasjon

På www.sikkerhverdag.no , finn du konkrete forslag til kva du alltid bør ha i heimen.

Marianne Stokkereit Aasen (51) vart tilsett som ny rådmann i Giske kommune 29. november 2018 av kommunestyret.