Aktuelt

Forlengar lokal forskrift til 18. mai

Kommunane Ålesund, Sula og Giske vel å vidareføre dei strenge koronatiltaka fram til 18. mai, men lettar litt på lokale råd.

Klikk for stort biletelogo 

Kriseleiinga i kommunane Ålesund, Sula og Giske har fredag 7. mai vedtatt å forlenge forskrifta om koronatiltak. Tiltaka som opprinneleg skulle gå ut ved midnatt 9. mai, er no forlenga til midnatt 18. mai.

Dei siste utbrota på Toldboden,  Subsea 7 og no sist i barnehagen på Sætra er teikn på at situasjonen framleis ikkje er under kontroll.

Smittesituasjonen i Ålesundregionen og Giske kommune lokalt viser at tal på smitta har auka siste veka. Kommunane har no det høgaste smittetrykket sidan pandemien starta i mars 2020.

«Det er derfor viktig å halde fram med strenge tiltak til vi ser at smitten er slått ned og at den ikkje spreiar seg vidare», seier ordførar Harry Valderhaug.

Forskrifta fører til vidare stenging av blant anna treningssenter og aktivitetsparkar, saman med skjenkestopp på alkohol, og forbod mot arrangement.

Kvifor ikkje strengare tiltak på skolar og barnehagar?

Kommunane og kommuneoverlegane har også vore i dialog med FHI og Statsforvaltaren som ikkje tilrår å sette skular og barnehagar på raudt nivå som eit førebyggande tiltak. Den enkelte kommune gjer målretta tiltak mot dei skulane og barnehagane der det oppstår smitte og setter born eller skuleklassar i karantene. I tillegg blir det vurdert om aktuelle barnehagar/skular bør ha raudt nivå som følgje av smittesituasjonen.

Ålesund, Giske og Sula er ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion der folk reiser mykje mellom kommunane i arbeid og fritid. Ordførarane i dei tre kommunane meiner det derfor er naturleg å samkøyre sine tiltak og gjere likelydande vedtak om forlenging i dei tre kommunane.

Den vedtekne forskrifta:

Stenging av verksemder

Følgande verksemder og stader skal halde stengde:

a) Treningssenter, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:

1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

2. Individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.

b) Symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og liknande, likevel slik at følgande tilbod kan halde opent:

1. Skolesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle utøvarar.

2. Behandling, rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

3. Annan individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er ein del av behandlinga.

c) Fornøyelsesparkar, bingohallar, spelehallar, leikeland, bowlinghallar og tilsvarande stader.

d) Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underholdningsstader.

e) Andre offentlege stader og verksemder der det skjer kultur-, underhaldnings- eller fritidsaktivitetar som samlar menneske innandørs.

Offentlege stader og verksemder der det skjer organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar kan halde opent for barn og unge under 20 år, det same gjeld utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening innandørs og utandørs for toppidrettsutøvarar.

§ 5. Forbod mot gjennomføring av arrangement.

Det er ikkje tillate å gjennomføre arrangement, jf. § 13, Definisjon av arrangement i Covid-19 forskrifta, med unntak av:

a) Gravferder, bisettingar og seremoniar ved grav med inntil 50 personar til stades

b) Andre livssynssamlingar med seremoniar i trus- og livssynshus, inkludert seremoniar ved vigslar, dåp, konfirmasjon med inntil 20 personar til stades.

c) Digitale arrangement med maksimalt fem personar til stades, i tillegg til utøvarar og anna nødvendig produksjonspersonell.

d) Utandørs treningskampar i fotballens to øvste divisjonar for kvinner og menn med berre spelarar, støtteapparat og dommarar til stades.

§ 6. Påbod om heimekontor

Arbeidsgivarar skal sørge for at tilsette arbeider heimanfrå så langt det er praktisk mogleg. Arbeidsgivarar skal kunne dokumentere at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda.

§ 7. Skjenkestopp

Serveringsstader som har skjenkebevilling etter alkoholloven kapittel 4 og 5 skal ikkje utøve skjenkebevillinga.

§ 8. Opplærings- og utdanningsinstitusjonar

Universitet, høgskolar og fagskolar skal halde sine lokale stengde for elevar og studentar slik at undervisninga skjer digitalt. Tilsvarande gjeld lokale som blir brukt ved opplæring eller undervisning til personar over 20 år i grunnskole, til vaksne i vidaregåande skole og til vaksne i opplæring etter introduksjonsloven eller integreringsloven, til kursaktivitet under studieforbund og til Kompetanse pluss. Bibliotek og lesesalar i lokala kan likevel vere opne.

Institusjonane kan gjere unntak frå kravet i første ledd dersom tilgang til lokala er avgjerande for studentar som er avhengige av forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan

gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å oppretthalde progresjonen i studiet. Dette gjeld ikkje studieforbund og Kompetanse pluss.

§ 9. Stans av idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne

Det er ikkje tillate å organisere idrettsaktivitet innandørs for personar over 20 år. Det same gjeld fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøver for kor, korps og teater. Organisert trening for toppidrettsutøvarar innandørs er likevel tillate.

§ 10. Plikt til å bruke munnbind

Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar til andre enn husstandsmedlemmar, skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter, på serveringsstader, i trus- og livssynshus, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde, og i lokale for kultur-, sports- og fritidsaktivitetar.

Passasjerar skal bruke munnbind i taxi. Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikt til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande. Dette gjeld ikkje tilsette på stader der det er sett i verk andre tiltak mot smitte for dei tilsette som bruk av visir, skiljeveggar o.l. i samsvar med Folkehelseinstituttets tilrådingar.

Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

Heimelsgrunnlaget Lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdomar § 4-1 første leddbokstav a og c, jf. Kommunen sitt delegeringsreglement, jf. kommunelova § 11-8 (hastesaker).

Den lokale forskrifta vert forlenga til 18.05.2021 for å hindre og begrense smitte av covid 19.


Lokale råd:

Sula, Giske og Ålesund vel å endre dei lokale råda slik at dei føljer dei nasjonale råda når det gjel talet på besøkande heime. Rådet blir endra frå to til fem besøkande:

  • Kommunane tilrår maks fem gjestar på besøk heime per dag.
  • Maks 10 nærkontaktar i løpet av ei veke, utanom klasse og arbeidskolleger.
  • Oppmodar om å halde minst to meter avstand til andre. 
  • Innbyggarane bør handle lokalt, og kun oppsøke kjøpesenter når det er nødvendig.
  • Unngå unødige reiser

 

 Giske formannskap har idag digitalt formannskapsmøte. Du kan følge møtet og sakene direkte fra kl 14:00 på følgende lenke:

https://giske.kommunetv.no/live/74

Giske kommune har fått melding om to nye personar som har testa positivt. I tillegg har eit barn som går i Gnist-barnehagen på Sætra testa positivt på hurtigtest.

 

To hussstandsmedlemmar knytt til utbrotet på restaurant Toldboden i Ålesund har testa positivt på test som vart tatt 3. mai.

 

Teststasjonen har ope mellom kl. 12 og kl. 14 måndag.

 

Smitteutbrotet på Subsea 7 er også knytt til restaurant Toldboden i Ålesund. Totalt 21 personar er smitta, 17 tilsette i Subsea 7 og i tillegg fire frå Ålesund.

 

Giske kommune har fått bekrefta åtte nye positive testar i samband med smitteutbrotet blant tilsette på Subsea 7 på Vigra. 

 

Totalt ni personar som er knytt til bedrifta Subsea 7 på Vigra har testa positivt.

 

Ein person har avgitt positiv koronatest, og ein annan har testa positivt på hurtigtest.

 

Det er meldt om to nye smitta i Giske kommune. Begge har milde symptom.

 

Likar du berre å fotografere, eller er du kanskje hobbyfotograf? Fine motiv finn du på alle dei fire øyane våre. Merk biletet ditt #Giske2030 og vinn flotte gåvekort.