Aktuelt

17. mai festforestilling for Giske kommune (opptak)

Klikk for stort bilete17. mai sende vi ein times festforestilling på Facebook. Her kan du sjå opptak av forestillinga.

Vi får i løpet av en drøy time presentert barna sin tale med barn frå alle fire øyane våre, helsing frå ordførar Harry Valderhaug, tale frå russepresident Karethe Torben, historiske tilbakeblikk, helsing frå alle barneskulane, tryllekunstar frå Tito og Aurora, Ole Reinlund og barn frå Alnes, innslag frå Lea Sofie Grande Røsvik, Jon Roald og Andrea Austnes korpsmusikk frå Vigra og Valderøy skulemusikk, Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk, Giske Mannskor og Godøy brass.

Årsrapporten for Giske kommune 2018 ligg no ferdig frå rådmannen for godkjenning i kommunestyret 13. juni. Rapporten er lagt ut på nettsida http://arsrapport.giske.kommune.no/2018/.

Rapporten gjev innsikt i korleis kommunen har utvikla seg siste året - om økonomi, organisasjon, einingar - og med statistikk.

 

Rask psykisk helsehjelp er eit gratis behandlingstilbod til deg som opplever triste tankar, motlaushet, belastningar, søvnproblem, angst eller depresjon av mild til moderat grad. Hos oss lærer du verktøy og teknikkar for å mestre vanskane dine.

Vi er eit korttidstilbod som har som mål om å tilby rask hjelp slik at problema ikkje vidareutviklar seg.

Er du eller andre litt bekymra for rusbruken din, kan dette også være eit tilbod for deg.

Tilbodet omfattar innbyggarar i Giske kommune over 16år.

Denne helga og på måndag vert det fri ferdsel i Godøytunnelen. Mellom tysdag 2. april og fredag 12. april blir det ein ny periode med kolonnekøyring og nye kolonnetider.

Asfalteringa av tunnelen er no ferdig, og på tysdag 2. april startar arbeidet med å støype kantstein.

Ålesundstunnelane og Godøytunnelen vil no bli overvaka med video frå Vegtrafikksentralen.

 

 

 

Giske kommune opnar for søknadar om tilskot til to tiltaksområder i landbruket. Dette gjeld: Spesielle miljøtiltak i landbruket. Tiltak til fornying og bruk av gamalt kulturlandskap er av dei prioriterte områda for Smil-tilskotet. Løyvinga for Giske i 2019 er kr. 70 000,-. Drenering av tidlegare drenert jordbruksjord er retta mot aktivt fulldyrka areal som treng fornya drenering for å halde avlingsnivået oppe.  Løyvinga for Giske i 2019 er kr. 100 000,-.

Giske har over lenger tid arbeidd med å ta i bruk velferdsteknologi til hjelp både for innbyggarar og tilsette, og det er no laga ei brosjyre som forklarar nokre av omgrepa og bruksområda i kommunen, i tillegg til ein film som er presentert tidlegare.
Brosjyra ligg på nettportalen (sjå under) og er tilgjengeleg på servicekontoret i tillegg til at ho vert sendt ut til enkelte målgrupper.

Alle barneskulane i Giske har kursa patruljeførarar i Leikepatrulja. Målet til Leikepatruljen er å få barn til å bevege seg meir i løpet av skuledagen gjennom leik i frikvartera. Utvalde elevar frå alle barneskulane som har søkt om å bli patruljeførarar fekk i dag opplæring i Vigrahallen.

 

 

Statens Vegvesen installerar no køyrefeltsignal i tunnelane: Det vert då mogleg å stenge berre eitt køyrefelt for å betre trafikkflyten og bidra til færre stengingar av Ellingsøy- og Valderøytunnelen.

Lysskilt i tunneltaket gjev beskjed om køyrefeltet er ope og kan nyttast (grøn pil): Gul, blinkande pil betyr at feltet vert stengt og at ein umiddelbart må endre køyrefelt i den retninga som pilaviser. Eit raudt kryss betyr at køyrefeltet er stengt og ikkje kan nyttast.

Giske kommune har no selt den kommunale bustaden i Niklamarka 14 til mangeårig leigetakar Bisrat Robeil Afewerki og Biniam Kidane Gebreselassie etter prinsippet «leige-for-å-eige» som går ut på at leigetakarar over tid skal få høve til å overta bustaden dei leiger av kommunen. Dette er i samsvar med vedteken Bustadsosial handlingsplan 2017-21 (k.sak 069/17) som er ein strategisk plan for å gje retning for vidare utvikling og prioriteringar innan bustadsosialt arbeid i Giske kommune.