Aktuelt

Samla leiarmøte for oppvekst

I dag, tysdag, har skuleleiarar og styrarane i barnehagane vore samla til felles møte på rådhuset.

Dagens tre sentrale tema var:

  • Mobbing ved Arne Opheim
  • Begrepsundervisning ved Vigdis Paulsen Myklebust
  • TALK – tilrettelegging for barn med høgtfungerande autisme, ved Nina Nordmark.

Klikk for stort bilete 

«Vi er opptekne av å samle og å utvikle kompetansen i heile oppvekstsektoren, vi vert rett og slett betre saman!  Vi har eit felles ansvar for ungane som veks opp i Giske kommune og brenn for at oppveksten deira skal vere god!», seier kommunalsjef Åse Elisabeth Skjærseth.

Mobbing

Frå 1. januar trådte eit nytt regelverk som omhandlar barnehagemiljøet i kraft. I samband med dette har Arne Opheim fra PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste) halde innlegg om temaet.

"Det er stor stas å ha så god fagkompetanse lokalt i vårt PPT", seier Skjærseth vidare.

I løpet av dagen har det vore gruppearbeid med refleksjonar, og det er blitt jobba med å etablere grunnlag for  felles strategiarbeid til beste for ungane som veks opp her.

I barnehagane sitt utviklingsarbeid «To fram», som blei avslutta i oktober 2020, har det mellom anna blitt utarbeidd ein Handlingsplan mot mobbing. Sjå kortfilmen om handlingsplanen her:

 Ei eldre kvinnen døyde av korona-smitte ved Giske Omsorgsenter tidleg fredag morgon. Dette er det andre korona-dødsfallet på senteret denne veka.

 Det vert sendt ut faktura for betaling for barnehage og SFO for april. Foreldrebetaling i samband med stenging på grunn av korona-viruset er kreditert på denne fakturaen. Denne vil difor vise kr 0 i betaling. Dersom barnehagane og SFO vert stengt etter påske vil krediteringa komme på seinare fakturaer.

 Teknisk har fått takkekort frå Tyskland (på norsk!): Norbert Z. var på jobbreise til Sunnmøre og vart sett i ufrivilleg karantene nokre dagar i ein av Giske kommune sine karantenebustadar.

Rundt 700 elevar og lærarar møtte beredskapsleiinga i Giske kommune til nettmøte torsdag. Alle elevane deltok i møte på eigne ipad-er.

Før møtet hadde elevane sendt inn spørsmål til dei ulike medlemane i beredskapsleiinga. Desse vart etter beste evne svart på.

 Effektivitetsbarometeret som målar dei norske kommunane sine kvalitetar innan vatn- og avløpssektoren, viser at Giske kommune er på 36. plass blant alle kommunar i landet, ut i frå dei førebelse KOSTRA-tala som kom 15. mars. 

Helsedirektoratet har no kome med nye råd til idretten: Det er bl.a. høve til å drive organisert idrett på utandørs idrettsanlegg for inntil 5 personar om gongen så lenge ein følgjer smittevernreglane.

 Ei eldre kvinne døyde på Giske Omsorgsenter tirsdag kveld. Kvinna vart konstatert koronasmitta for knapt to veker sidan. Sidan den gongen har ho vore i isolat. I går kveld døyde ho.

  Dei strenge besøksreglane på bukollektiva gjer at det er vanskeleg for mange å ha jamn kontakt med sine pårørande. Dette har Frivillegsentralen saman med Sparebanken Møre og Eldres Vel gjort noko med.

I dag kunne Ernst på Frivilligsentralen og kommunedirektør Marianne Stokkereit Aaasen starte utlevering av nettbrett til bukollektiva.

 Dagens tema:
- 520 permitterte i Giske
- Luftvegsklinikk

 For å beskytte sårbare pasientar og brukarar mot smitte er det nødvendig med besøksstans ved alle landets offentlige og private helse- og omsorgsinstitusjoner.