Aktuelt

Nasjonale reglar frå midnatt

Ålesund, Sula og Giske følger nasjonale reglar frå midnatt 8. juni.

Klikk for stort bilete 

Den lokale forskrifta til Ålesund, Sula og Giske kommune går ut ved midnatt 8. juni og kommunane går då over til å følge dei nasjonale reglane. Samstundes skryter kommunane av innbyggarane for å ha støtta opp under smitteverntiltaka.

«Smittetala har jamt og trutt gått nedover takka vere at innbyggarane i dei tre kommunane har følgt smittevernreglane og råda som er gitt. Det er vi svært takksame for. Dette betyr at vi no kan gå over til nasjonale reglar og råd», seier ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug.

Dei nasjonale reglane og råda kom ut 27. mai.  Her er eit utdrag av reglane som Ålesund, Sula og Giske skal følge frå midnatt 8. juni:

  • Maks 10 gjestar på besøk heime.
  • Hald 1 meters avstand til andre enn dei du bur saman med, kjærast eller 1-2 faste kontaktar om du bur aleine.
  • Barn i barnehage og barneskolar kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Heimekontor for alle som har moglegheit til det.
  • Det er tillate med skjenking fram til kl. 24.00.
  • Maks 20 personar på privat samankomst utanfor eigen heim, som til dømes bursdag i leigd lokale. 

Ha framleis låg terskel for testing!

Det er viktig at alle har låg terskel for å teste seg ved symptom, og når du kjem frå område med høgt smittetrykk er dette spesielt viktig. Sjølv om det no blir lette i koronatiltaka, må alle halde fram å følge smittevernreglane:

  • Det er viktig at alle studentar som kjem heim til kommunane å framleis ta korona på alvor. Det er viktig å ha låg terskel for å teste seg, og spesielt om du kjem frå ein kommune med høgt smittetrykk, seier kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad.

No startar russetida – og smittevernreglane er framleis viktig!

Frå 8. juni startar årets russetid for alvor og Ålesund kommune er i dialog med russen om smittevern og korona.

  • Vi oppmodar russen om å framleis halde god avstand til kvarandre sjølv om russetida no startar og dei omgås meir. Ålesund kommune vil følge opp med massetesting av russen og ha god dialog i vekene som kjem, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

helsenorge.no finn du informasjon til innbyggarane om dei nasjonale råda og reglane. Denne plakaten viser ei grafisk framstilling av reglane:

Klikk for stort bilete 

Det er bekrefta to koronasmitta i Giske kommune i kveld. Desse er i familie.

 

 

Ein person i Giske kommune har fått påvist koronasmitte. Det er tre barn i familien, eitt barn går i Giske barnehage, eitt barn på Giske skule og eitt barn på ungdomstrinnet på Godøy skule.

 

Fredag kl. 18 blir opptaka som vart gjort i Øygardshavna tysdag vist på UKM-TV.  

 

Ha så få nærkontaktar som mogleg og hald to meter avstand til andre der det er mogleg. 

 

Frå og med veke 14, som er 6. til 9. april, startar vaksinering av gruppe 4. Nesten 400 vaksinedoser skal settast dei neste vekene. 

 

 Kommunane Ålesund, Sula og Giske følger regjeringas tilrådingar når det gjeld smittevern. 

 

Det er per onsdag føremiddag, 24. mars, ingen nye positive i høve smitteutbruddet ved Giske omsorgssenter.

 

 Dette er ei spesiell oppfordring til alle som har vore på besøk ved Giske omsorgssenter helga 20. og 21. mars. 

 

Ein tilsett ved Giske omsorgssenter (GOS) har fått påvist koronasmitte med hurtigtest. Det er kjent smitteveg, personen er ikkje smitta på arbeidsplassen.

 

Giske kommune har fått spørsmål kring det som gjeld arrangement. Her er ei meir utfyllande forklaring i høve til det som  er gjeldande. Legg spesielt merke til det som gjeld forsamlingshus og grendahus :