Aktuelt

Nord Helikopter As, som er stasjonert på Ålesund Lufthamn Vigra, vann prisen som Årets Bedrift 2017 i Giske. Juryformann Jan Ove Skodje og ordførar Harry Valderhaug overrakte diplom og statuett av Olaf Leon Roald til representantane for selskapet ved starten av kommunestyremøtet 14. juni.

 

Tirsdag og torsdag kl. 10.00 – 13.00. Utenom desse tidene kun møter og samtaler etter avtale.

Samtaler utenom denne åpningstida kan avtalast via www.nav.no  - Ditt NAV, eller på telefon 555 53 333.

Fylkeskommunen si samferdsleavdeling ønskjer innspel til ruteendringar for neste år. Dei vil prioritere forslag til betring av korrespondansar, og det er ikkje naudsynt å sende inn forslag som er sendt inn tidlegare.

Vi ber om innspel snarast og innan 7. juni.

Ålesund Brannvesen innførar totalforbod mot å gjere opp ild utomhus i kommunane Giske, Haram og Ålesund. Forbodet gjeld frå og med måndag 28. mai 2018 og inntil vidare.

Sjå meir på http://aabv.no/aktuelt/nyhetsarkiv/1128-innforer-totalforbud-mot-bruk-av-apen-ild-utendors

NVE utfører no regional kvikkleirekartlegging i Giske kommune i utvalgte områder basert på befolkning og «moglegheit for leire» frå kvartærgeologiske kart.

Kartlegginga i kommunane vert utført av Multiconsult og vil halde på i ca. 1 år med oppstart feltsynfaringar i løpet av april/ mai 2018 og påfølgjande grunnboringar og vurderingar i 2018 og 2019. I denne samanheng ber vi om velvilje blant grunneigarar for feltsynfaringar og seinere grunnundersøkingar.

Det interkommunale barnevernvaktsamarbeidet organiserast som ei bakvaktordning på telefon som vil vere bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

 

Felles vaktnummer: 412 84 400

I Noreg er det allmenn bandtvang for hundar i perioden 1. april - 20. august.

 

 

Møre og Romsdal fylke har lagt ut info om betring av busstilbodet i Ålesundsregionen frå 1. mai.

Statens Vegvesen meldar at Ellingsøytunnelen vert stengt mellom 20. april kl. 24.00 og 22. april kl. 20.00. Det vert trafikkavvikling som vanleg med kolonnekøyring både før og etter stenginga. Valderøytunnelen vert ikkje stengt, der vert det kolonnekøyring frå kl. 20-06 som vanleg.

Komite for miljø- og tekniske saker har i møte den 11.04.2018, sak KMT-024/18 vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 å leggje forslag til reguleringsendring, datert 15.11.2017, ut til offentleg ettersyn. Dokument i saka er lagt ved under.