Aktuelt

Det interkommunale barnevernvaktsamarbeidet organiserast som ei bakvaktordning på telefon som vil vere bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

 

Felles vaktnummer: 412 84 400

I Noreg er det allmenn bandtvang for hundar i perioden 1. april - 20. august.

 

 

Møre og Romsdal fylke har lagt ut info om betring av busstilbodet i Ålesundsregionen frå 1. mai.

Statens Vegvesen meldar at Ellingsøytunnelen vert stengt mellom 20. april kl. 24.00 og 22. april kl. 20.00. Det vert trafikkavvikling som vanleg med kolonnekøyring både før og etter stenginga. Valderøytunnelen vert ikkje stengt, der vert det kolonnekøyring frå kl. 20-06 som vanleg.

Komite for miljø- og tekniske saker har i møte den 11.04.2018, sak KMT-024/18 vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 å leggje forslag til reguleringsendring, datert 15.11.2017, ut til offentleg ettersyn. Dokument i saka er lagt ved under.
 

Å fullføre eit liv

31. august er det klart for ein viktig fagdag innan palliasjon og demens. Meld deg på her. Dagen blir på Øygardshamna på øya Giske.Der er parkering eller du kan ta buss. Dette blir ein flott dag med høgt fagleg fokus. Om du vil kan du bu på Ålesund Airport Hotell

Spre ordet til dei du kjenner slik at alle som ynskjer å delta får delta. NB påmeldingsfristen er 10.august.

 

 

 

 

 

 

Bli med på sommarskule stappfull av utforsking og opplevingar du seint vil gløyme! Dette blir garantert sommaren sitt høgdepunkt for nysgjerrige forskerspirar som skal opp i 5., 6. og 7. klasse til hausten. Gjennom ei actionfylt veke skal barna eksperimentere og utforske innan naturvitenskapen si spennande verd.

Brannsjefen opphevar i dag 3. april kl. 18.00 det mellombelse bålforbodet i kommunane Giske-, Haram- og Ålesund. 

Samordna opptak er no i gang. Vi ber alle som får tilbod, svare så raskt det let seg gjere. Dersom du ikkje finn e-post frå Giske kommune, kan du logge på oppvekstportalen og sjå der.

BAPP-grupper er eit gruppetilbod for born 8-12 år og ungdom 13-15 år med foreldre med psykiske problem. Tilbodet er i alle kommunar for pårørande og for born.

I Giske kommune startar gruppetilbodet for foreldre og føresette måndag 9. april.