50 kan møtast

Klikk for stort bilete Frode E. Synnes  No er det og nye reglar når det gjeld storleik på grupper som kan møtes. Det er utvida til å vere 50 personer dersom det er ein ansvarleg arrangør som står bak, og inntil 20 personer i uorganiserte samlingar.

Det er grunn til å merke seg at her gjeld framleis kravet om at det skal haldast ein meters avstand mellom gruppedeltakarane. Det er og sterkt streka under at kun personer som er friske kan delta i ei slik samling. Har ein forkjølelsesymtom skal ein halde seg heime.

Når det gjeld meir uorganiserte grupper, samlinger i meir privat regi, er det no mogleg å samlast i grupper på 20 personer. Dette gjeld mellom anna på idrettsbaner. Også her er regelen at det skal vere ein meters avstand mellom deltakarane.