20 nettbrett i gåve

Kåre Sæter   Dei strenge besøksreglane på bukollektiva gjer at det er vanskeleg for mange å ha jamn kontakt med sine pårørande. Dette har Frivillegsentralen saman med Sparebanken Møre og Eldres Vel gjort noko med.

I dag kunne Ernst på Frivilligsentralen og kommunedirektør Marianne Stokkereit Aaasen starte utlevering av nettbrett til bukollektiva.

- Vi har fått 20 nettbrett i gåve. Desse skal vi no klargjere og dele ut i løpet av kort tid. Då kan vi skape ein ekstra kanal inn til sentera. Mange saknar å sjå sine pårørande. Gjennom desse bretta kan vi gjere kvardagen litt betre for mange, seier Stokkereit Aaasen og er svært glad for at velvillige givarar stiller opp.

- Det er gjennom slike dugnadstiltak vi kan gjere kvardagen litt enklare for dei som er hardast råke.