Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid - Vigra skule

I samsvar med plan-og bygningslova §§ 12-2 og 12-8 og vedtak i Teknisk utval 01.02.2024, saksnr 012/24, vert det med dette varsla om at det er sett i gang reguleringsplanarbeid for Vigra skule. 

Området er regulert frå før, men kommunen ønsker nokre endringar av dagens reguleringsplan. Ønska endringar kjem fram av vedlagte saksframlegg og går i hovudsak ut på å utvide areal til undervisning og å gi friare moglegheit for plassering av skulebygg. Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er å gjere området klart for ny skule. Planlagde reguleringsformål er som i eksisterande reguleringsplan. Noko landbruksareal vil gå ut til fordel for undervisningsformål. Dette er i tråd med arealformål «offentleg eller privat tenesteyting» som området er avsatt til i kommuneplanen.

Varsel om oppstart av planarbeid vert sendt til grunneigarar innanfor planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Dersom nokon ønsker plandokument tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (70 18 80 00) og gi opp referanse 24/88. Innspel og synspunkt vert å sende til:

Giske kommune,
Teknisk eining,
Valderhaug 4,
6050 Valderøya

eller til post@giske.kommune.no

innan 18.03.2024.

Innkomne merknadar vil ikkje bli svara på før etter politisk handsaming. Merknadane blir vurdert i saksdokument som blir handsama politisk, og dei som blir råka av planen/har kome med merknad blir varsla med brev ved nytt vedtak. Dersom nokon har servituttar innanfor planområdet må dette kome fram i samband med merknad til varsel om oppstart.

Planregisteret vil oppdaterast ettersom det gjerast nye vedtak i saka. Sjå arealplaner.no | 2024001 > Planbehandlinger