Skulefritidsordninga frå hausten 2022

 SFO frå hausten 2022 - Klikk for stort bilete SFO startar opp att etter sommarferien 01.08.2022.

Giske kommune har vedtatt at skulefritidsordninga skal drivast etter sjølvkostprinsippet. Det er viktig å halde kostnadane låge. For å planlegge bemanninga må difor føresette gje melding om kva dagar borna skal vere i SFO på feriedagar. Leiarane ved ordningane ber foreldra om tilbakemelding om dette.

Regjeringa har føreslått å innføre 12 timer gratis SFO for elevar på 1. trinn frå hausten 2022. Kunnskapsdepartementet tar sikte på å vedta endringane i forskrifta i midten av juni 2022. Med atterhald om vedtak opnar Giske kommune for søknadar for elevar på 1. trinn.

Søknadsskjema for plass i SFO. Tilbod om 12 timar gratis i SFO gjeld berre for elevar på 1. trinn.

I Giske kommune er dei 12 gratis timane lagt til etter skuletid. Litt ulikt frå skule til skule: (legg telefonen på sida for å sjå alle kolonnene)

Gratis opphaldstid i SFO for førsteklassingar
Dag Vigra Valderøy Giske Godøy, 1. halvår Godøy, 2. halvår
Måndag kl. 13.15-15.30 12.55-15.35 13.00-15.15 13.00-15.15 13.00-15.00
Tysdag kl. 13.15-15.30 12.55-15.15 13.00-15.15 13.00-15.15 13.00-15.00
Onsdag kl. 12.15-15.15 12.55-15.15 13.00-15.15 11.45-15.00 11.45-14.45
Torsdag kl. 13.15-15.30 12.55-15.15 13.00-15.00 13.00-15.15 13.00-15.00
Fredag kl. 13.15-15.30 12.55-15.15 11.45-15.00 13.00-15.00 11.45-14.45

Betaling for tilbod til 1. klassingar som har anna opphaldstid blir redusert med prisen for 12 timar. Det er om lag halvparten av sats for heil plass.

Faktura for tilbodet blir sendt til den av foreldra som er registrert som betalar i Oppvekstportalen. I SFO er det betaling for berre heile månadar. Dersom det er kapasitet, er det høve til å kjøpe enkeltimar eller enkeltdagar etter avtale med SFO-leiarane.

Dersom hushaldet har låg inntekt, kan ein etter søknad få redusert foreldrebetalinga for elevar på 1-4. trinn. Søknadsfrist er 31.07. Søknadar etter fristen får vedtak frå månaden etter at søknaden er sendt.
Søknadsskjema redusert foreldrebetaling i barnehage/SFO.

Elevar på 5. -7. trinn som har fått tildelt plass i SFO har rett til gratis tilbod. Ein skal ikkje søkje om redusert foreldrebetaling, men søkje om plass på vanleg måte.

Viktige lenker

Ukraina