Oppstart av områdeplan Olmannsvika på Vigra

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-2 og 12-8 og vedtak i Teknisk utval 02.06.2022, saksnr 025/22, vert det med dette varsla om at det er sett i gang planarbeid for området Olmannsvika på Vigra. Området det varslast oppstart for er ikkje regulert frå før, men er avsatt til næringsbebyggelse i gjeldande kommuneplan. Hovudformålet med reguleringa er å klargjere for utfylling av sjøarealet.   

Samstundes legg vi forslag til planprogram ut på høyring og offentleg ettersyn med same merknadsfrist.

Frist for å kome med innspel og merknader er satt til 11.08.2022.  

Varsel om oppstart av planarbeid vert sendt til grunneigarar innanfor planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Dersom nokon ønsker plandokument tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (70 18 80 00) og gi opp referanse som vist ovanfor i «vår ref.: 20/566».

Innspel og synspunkt vert å sende til

Giske kommune,
Teknisk eining,
Valderhaug 4,
6050 Valderøya

eller til post@giske.kommune.no

innan 11.08.2022.

Innkomne merknadar vil ikkje bli svara på før etter politisk handsaming. Merknadane blir vurdert i saksdokument som blir handsama politisk, og dei som blir råka av planen/har kome med merknad blir varsla med brev ved nytt vedtak. Dersom nokon har servituttar innanfor planområdet må dette kome fram i samband med merknad til varsel om oppstart.
 
Vedtak om oppstart: Oppstart av planarbeid Olmannsvika (windows.net)
Forslag til planprogram: Forslag til planprogram til offentleg ettersyn_180522 (DokID 496773).pdf (windows.net)

Sjå meir om planen i kommunen sitt planregister:
arealplaner.no | 2022004 > Planbehandlinger

Viktige lenker

Ukraina