Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan Dyb Panorama

Detaljregulering Dyb panorama blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i Teknisk utval den 28.10.2022 (sak TU- 044/22). Høyringsperioden er frå 10.11.2022 til 22.12.2022. 

Planforslaget blir sendt til grunneigarar i planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta blir også lagt i resepsjonen på rådhuset. Dersom nokon ønsker plandokumenta tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset (tlf. 70 18 80 00) og gi opp referanse «18/7186». 

Innspel 
Merknader merkast med namnet til planen og planident 2018016 og sendast til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til; post@giske.kommune.no innan 22.12.2022. 
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.

Plandokumenter finn ein i planregisteret til Giske kommune: arealplaner.no
eller via kartløysinga: Publikum (kommunekart.com)