Offentleg ettersyn av detaljregulering for Hjallismarka

Detaljregulering for Hjallismarka på Godøya blir lagt ut til offentleg ettersyn etter vedtak i
Teknisk utval den 12.12.2024. Høyringsperioden varer til 20. februar 2025. Dette gjerast i
samsvar med plan- og bygningslovens §§ 12-8, 12-9 og 12-10.

Planforslaget blir sendt til grunneigarar i planområdet, naboar til planområdet, offentleg
mynde og høyringsinstansar.
Merknader til planforslaget merkast med namnet til planen og planident 2022003 og sendast
til kommunen innan 20.02.2025.
Merknader kan sendast på e-post: post@giske.kommune.no eller til


Giske kommune
Teknisk eining
Valderhaug 4
6050 Valderøya.


Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert
og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.
Dokument på høyring finn ein i kommunen sitt planregister arealplaner.no | 2022003 > Planbehandlinger