Kunngjering av eigengodkjent reguleringsplan - Jussbakken

Kommunestyret har i møte den 26. september vedtatt detaljreguleringsplan for Jussbakken på Godøya.
Planen er gjeldande frå vedtaksdato (jf. Plan- og bygningslova §12-4).

Frå kunngjeringsdato kan vedtaket påklagast innan tre veker. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er endeleg klageinstans. Ei eventuell klage skal først sendast til Giske kommune for førebuande klagebehandling. Vi gjer oppmerksom på at ei eventuell klage skal vere grunngjeven og sendast til


Giske kommune,
Valderhaug 4,
6050 Valderøya,
eller helst til post@giske.kommune.no.


Kopi av vedtak, plankart og reguleringsføresegn er vedlagt. Plandokumenta er og tilgjengeleg i kommunen sitt planregister: arealplaner.no | 2022002 > Plandokumenter