Dose 4 til personar over 80 år
Folkehelseinstituttet har opna for at personar 80 år og eldre som har fått 3 dosar og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få ein ny oppfriskningsdose viss dei sjølv ønsker det
Dosen kan givast tidlegast 4 månader etter siste oppfriskningsdose.
Ekstra vaksinedose til personar med alvorleg immunsvikt
Folkehelseinstituttet har også opna for at personar med alvorleg immunsvikt kan få ei ekstra oppfriskningsdose dersom behandlande lege (sjukehusspesialist) meiner det er nødvendig.
Timebestilling vaksine på www.c19.no
Publisert 25.04.2022 10.58