Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar

Velkomen til Giske

Eit unikt kystmiljø møter deg med storslått natur, idylliske fiskevær, gode fiskeplassar og kvite sandstrender. Historiske bygningar, gravfunn og fornminne fortel om busetnad på øyane i over 8000 år.

Fiske og jordbruk har skapt grunnlag for utvikling og vekst heilt fram til i dag. Mektige høvdingætter og adelsfamiliar har hatt sete på Giske. Skipsleia langs kysten gjorde Valderøya til ein viktig handelsstad frå 1600 åra.

I dag er det bruer og undersjøiske tunnelar som knyter øyane Godøya, Giske, Valderøya og Vigra saman. 6600 øybuarar har ferjefritt samband til Ålesund og fastlandet, og på Vigra ligg flyplassen som knyter Sunnmøre saman med resten av landet.

KULTUR
Du finn mange kulturperler på øyane i Giske. På vestsida av Valderøya ligg den mektige Skjonghellaren, der funn av fauna kan førast 30 000 år tilbake i historia. I Mjelthaugen på Giske er det gjort gravfunn frå tidleg bronsealder. Ornamenta på gravkistehellene er eineståande i sitt slag. I Eilifrøysa på Godøya er det funne bronse-, sølv- og gullgjenstandar frå ca. år 400 e.Kr.

Giske har hatt ein sentral plass i historia. Historikarar reknar med at Ragnvald Mørejarl budde på øyane i Giske. Sonen Gange-Rolv, eller Rollo, var leiar for erobringa av Normandie i 911. Han er stamfar for Wilhelm Erobraren og dermed m.a. det engelske kongehus. Frå 990 til 1582 var Giske herresete for den mektige Arnungeætta, Noregs til tider mektigaste adelsfamilie. Ei anna mektig ætt var Blindheimsætta på Vigra. Marmorkyrkja på Giske vart bygd som ein del av høvdingtunet ein gong på 1100-talet

OPPLEVINGAR

Øykommunen Giske kan by på spennande opplevingar på land og til havs. Det opne og særeigne kystlandskapet er godt eigna for turar i fjellet og i fjøra, så vel som sykkelutflukter, riding, fiske, dykking og surfing.

Øyene Giske og Vigra har flotte sandstrender der du kan nye livet på solrike sommardagar, og det finst gode småbåthamner for båtturistar. For golfentusiastar kan kommunen by på ei seks-hols golfbane på Vigra. Få også med deg den eventyrlege torskesesongen tidleg på våren. Det vil gje minne for livet.



FRILUFTSAKTIVITETAR

Bading:
Giske, Godøy, Vigra:
Gode sandstrender: Godøy - Sandvika på Alnes, Vigra - Blindheimssanden (WC), Giske - Sandvika ved brua samt Øygardssanden (nordsida).

Dykking:
Giske kommune har mange gode dykkarplassar. Dei fleste ligg ute mellom holmar og skjer, ein treng båt for å nå desse. Nokre fine og heilt spesielle plassar kan nåast med bil.

Makkevika fuglereservat:
Giske er ein av dei viktigaste ringmerke-stasjonane i Europa for vadefuglar. Fjøreområdet Makkevika på omlag 285 mål i nordvest har sandområder, rullestein og våtmark. Her er reservat for ei mengd vadefugl på veg sør-/ nordover haust og vår.

Fiske i fjellvatn:
Alnes, Godøy: Fiske etter småørret i Alnesvatnet på toppen av Godøya.
Fiskekort.

Havfiske:
Gode fiskeplassar frå land, nær land og til havs. Fisketurar med båt etter avtale.
Februar - april: torskefiske, sommar: sei og makrell.

Diverse:
Godøy, Giske, Valderøy, Vigra: Det er gode moglegheiter for sykkelturar på eiga hand. Merk at syklar må takast med på buss gjennom dei undersjøiske tunnelane. Det er fine strender for brettseiling (surfing). Området er bra for kajakk-padling og segling.

FOTTURAR OG FJELLTURAR

Giske og Godøy:
Giske byd på fine turmoglegheiter langs fjøra, spesielt i Makkevika våtmark-område med eit yrande fugleliv (reservat) og på Giskesanden. Godøy har gode moglegheiter for fjøreturar langs Alnes-sanden på vestsida, og vidare til Dyb.


Godøy-fjellet:
Rike turmoglegheiter med merka sti både frå Alnes og Dyb. NB! Restriksjonar mot overnatting ved fjellvatnet som er vasskjelde for kommunen.

Molnes, Vigra:
Fint turterreng både langs sjøen og over Molnes-fjellet.

Varden Utsiktspunkt, Valderøy:
Varden vart bygd under 2. verdskrigen for å sende signal. Fleire turstiar opp, m.a. fin tursti 20 min. gange opp frå Kolvik-parken.


MUSEUM

Godøytun museum:
Dyb: Museet har ei krigshistorisk samling, fiskerihistorisk samling og utstilling om gravhaugen Eilef-røysa. Der er og båthus med ein eldre båt. Sommarope.

TURISTATTRAKSJONAR

Alnes - fiskevær og fyrtårn:
Godøy: Fiskeværet Alnes er eit idyllisk lokalsamfunn ute ved storhavet, med ei god sandstrand for gode sommardagar. Fyret er ope for omvising i sommarsesongen, då er det og ein enkel kafe med servering i den tidlegare fyrvaktar-boligen.
Sommarope.

Undersjøiske tunnellar:
Ålesund - Giske: Eit av verdas lengste undersjøiske tunnelsamband vart opna oktober 1987 av Kong Olav V. 3 tunnelar på 3,5, 4,2 og 3,8 km bind øyane i Giske kommune til fastlandet saman med ei bru. Bompengar .

Giske kirke:
Giske: Vakker marmorkirke frå 11. århundre som vart bygd som familie-kapell for ein av Norges mektigaste familier.
Sommarope.

Skjonghellaren:
Valderøy: Hole med 38 m opning 100 m innover i Valderøyfjellet. Her er funne spor etter gamle steinalder-busettingar etter siste istida, då øya Giske knapt nok var stege opp av havet etter at ismassene forsvann. Funn er og gjort frå 30.000 år gamal fauna.

Gravrøyser:
Giske er særs rik på gravrøyser frå steinalder og oppover. Eksempler på nokre er:
Mjeltehaugen på Giskegjerdet er omlag 30 meter i tverrmål. Her vart funne m.a. ei dekorert steinkiste.

Eilifrøysa på Godøy er ein 5 m høg gravhaug frå yngre romartid (375-400 år e.-Kr.). Den vart grave ut i 1962. Presentasjon av haugen finst i Godøytun-museet.

Blimshaugen på Vigra er omlag 36 m i tverrmål og 5 m høg. Der vart funne fleire graver og stein-kister frå yngre romartid.

Gravfelt: ca 60 graver v/Gjuv, Godøy.


Kontaktinformasjon
_
_
Giske kommune
Rådhuset
6050  Valderøya
 
post@giske.kommune.no
 
 
Telefon : 70 18 80 00
Faks : 70 18 80 01
Org.nr. : 964 980 721
Kommunenr. : 1532
_
Opningstid : 08:00 - 15:30
Kommuneplan 2008 - 2020
Kommuneplanen 2008 - 2020 Rullering av kommuneplanen for Giske
Turistinformasjon
Turistinformasjon TuristinformasjonTouristeninformationTouristinformation
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Noreg.no
Noreg.no Noreg.no
Galleri
Vigramasta
Vigramasta
Fotograf: hewa
Giske kommune, rådhuset, 6050 Valderøy. Tlf. 70 18 80 00 - Telefax : 70 18 80 01 post@giske.kommune.no