Ved Vigra omsorgsdistrikt er det ledig 100% stilling som miljøterapeut i arbeid med utviklingshemma. Stillinga er ledig frå snarast t.o.m. 31.12.10, men kan bli fast.
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan vernepleie, anna relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning og/eller pedagogisk utdanning.
- Relevant erfaring er ønskjeleg
- Evne til å arbeide tverrfagleg
- Gode evne til samarbeid, rettleiing og tydeleg kommunikasjon
- Handlekraft og løysingsorientert
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Nina Skjong, tlf.: 70 18 82 81.
Tilsetjing og løn på vanlege kommunale vilkår.
Søknad med oppdatert CV og referansar skal sendast til Giske kommune, personal, 6050 Valderøya. Dokumentasjon på utdanning og praksis må kunne leggjast fram ved eit ev. intervju. Bruk gjerne kommunen sitt søknads-/CV-skjema. Oppgi st.nr. 10/388 i søknaden.
Søknadsfrist: 29.03.10.