Har du ei sak til handsaming?
Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar

Folkemøte om eit levande Roald

Arbeidsgruppa presenterar sitt framlegg, medan varaordførar og kultursjef oppsummerar

Næringskontoret og kulturkontoret inviterte forleden til ope møte på Vigra skule om "eit levande Roald".

Det var ei aktiv forsamling som denne kvelden arbeidde seg gjennom eit hundretals forslag på tiltak for å gjere Roald meir levande, penare og meir attraktiv for busetting og næringsutvikling.

Publisert av Wang, Henrik. Sist endra 25.02.2010

Av dei tiltaka som dei fleste Roald-buarane var  mest interesserte i å få sett i verk var bl.a. -

  • Skilting - mot Roald - oversikt over turområder - bedrifter / tenester du kan få utført etc (15 stemmer)
  • Ei sterk sentrumsforening (14 stemmer)
  • Ny sentrums- / reguleringsplan for Roald med rettleiar for utforming - utarbeidd av profesjonelle (14 stemmer)

Det var og ønskje om bl.a.

  • Idretts- / fleirbrukshall
  • Opprydding generelt - og spesielt i hamneområdet og av gammal utstyr og gjenstandar som ikkje er i bruk Sentrumspark
  • Fiskerihamna tilrettelagt for rorbuer
  • Vedlikehald av gamle bygningar

 - i tillegg til ei rekkje andre saker og tiltak - sjå referatet under

Bakgrunnen for arbeidet med "eit levande Roald" er ein bygdeutviklingskonferanse i Åndalsnes som nokre deltok på sist haust. Lokalsamfunnet etablerte ei arbeidsgruppe som utarbeidde forslag til tiltak for Roald og som vart lagt fram på møtet. I tillegg til gruppa sitt arbeid la også Jan Petter Meberg fram ei orientering om arbeidet med ny idrettshall for Vigra IL.

Dei vel 30 frammøtte kom med innspel til både kva som bør utbetrast og kva som er bra på Roald i dag, med påfølgande livlige diskusjonar. Deltakarane lagde også ei lang liste med ønska tiltak som det til slutt vart stemt over. Her viste det seg at mange hadde dei same ønskja.

Tiltakslista vert no arbeidd vidare med av arbeidsgruppa for Roald og skal munne ut i ein samla plan og søknad til overordna myndigheiter om prosjektmidlar. 

 

Referat frå møtet ligg ved.

Kontaktinformasjon
_
_
Giske kommune
Rådhuset
6050  Valderøya
 
post@giske.kommune.no
 
 
Telefon : 70 18 80 00
Faks : 70 18 80 01
Org.nr. : 964 980 721
Kommunenr. : 1532
_
Opningstid : 08:00 - 15:30
Kommuneplan 2008 - 2020
Kommuneplanen 2008 - 2020 Rullering av kommuneplanen for Giske
Turistinformasjon
Turistinformasjon TuristinformasjonTouristeninformationTouristinformation
Søk
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Noreg.no
Noreg.no Noreg.no
Galleri
Hurtigruta ved Giske
Hurtigruta ved Giske
Giske kommune, rådhuset, 6050 Valderøy. Tlf. 70 18 80 00 - Telefax : 70 18 80 01 post@giske.kommune.no